Bok
Levande kulturhistorie
Den gamle bygdekulturen som Ivar Kleiven formidla på ein særeigen måte, er like verdfull i dag.
Huset frå garden Bjørnstad i Vågå står no på Maihaugen.
Foto: Herman Major Schirmer / Riksantikvaren
I Gudbrandsdalen er Ivar Kleiven (1854–1934) nærast ein institusjon. Han var folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar, men framfor alt bygdehistorikar og tradisjonssamlar som gav ut lokalhistorie for dei fleste bygdene i dalen.
Ivar Kleiven verka i ei tid med store økonomiske, sosiale og kulturelle endringar. Det var òg ei tid då heimbygd, kulturarv og norsk sjølvhevding var viktige tema. Ein sentral tanke hjå mange var at samnemnaren for det norske fanst på landsbygda, og det var viktig å syna fram kva bygdene hadde. Det er i denne tradisjonen Kleiven ruvar som ein av dei fremste eksponentane.
Hovudverk
I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa (1908) blir rekna som eit av hovudverka til Kleiven og ligg no føre i ei nyutgåve ved Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken. I boka får vi høyra om skrømt, kjemper og bygdekunstnarar. Her er segnene om Riddarspranget og om Jutulen og Blessomen, og ein bolk om ættene på femten av dei største gardane i Vågå, Sel og Heidalen. Nokre av dei kan vi fylgja attende til mellomalderen, og bolken gjev oss også eit lite innblikk i noregssoga, som kristningsferda til Olav den heilage i 1021.
I nyutgåva er ætteoversyna grundig kommenterte av Klaus Johan Myrvoll i eit eige kapittel. Myrvoll framhevar ættekjensla hjå Kleiven, men seier òg at ho ikkje er utan kritikk. Mellom anna var Kleiven kritisk til ekteskap innanfor ætta, noko som var heller vanleg på hans tid. Sjølv om nyare granskingar har synt at Kleiven har gjort ei og anna feilslutning, seier Myrvoll at dette ikkje rokkar ved det imponerande og originale arbeidet som ættesogene er.
Dialekt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.