Der Bjørnen sover er basert på forsking, er Viss eg hadde hale mest basert på fantasi. Mads Eldøen leikar seg med tankar om kva som ville skje dersom vi menneske hadde dyra sine eigenskapar. Korleis ville det vere å ha tunge som ein kameleon eller øyre som ein elefant?
Sindre Goksøyr boltrar seg i dei sprelske ideane som ligg i teksten. Effektar frå teikneseriesjangeren gjev fart og energi i framstillinga, dei humoristiske poenga får meir kjøtt på beinet, bokstavleg tala. Fargane er metta og massive. Ein uroleg skrifttype og stadig nye, urealistiske idear gjev eit kaotisk inntrykk. Korleis vil dette fungere for lesaren?
Ungar eg har lese boka saman med, gjev tommel opp. Dei synest ho er morosam og peikar på at dei lærer nye, spanande fakta, ikkje «vanlege, kjedelege Wikipedia-fakta».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.