Bok

Kvinnekraft

Tyske Daniela Krien skriv feelgood med kvalitet og mild politisk brodd.

Daniela Krien fekk Sächsischer Literaturpreis i 2020 mellom anna for å setje sjølvsikre kvinner i sentrum i bøkene sine.
Daniela Krien fekk Sächsischer Literaturpreis i 2020 mellom anna for å setje sjølvsikre kvinner i sentrum i bøkene sine.
Publisert Sist oppdatert

Kjærleik er gjerningar, ikkje romantikk, heiter det i Daniela Kriens samtidsroman. Kjærleiken kjem til syne i korleis ein behandlar kvarandre når det verkeleg tel, korleis han artar seg «i nødsfall».

Det handlar mykje om romantikk, samliv og relasjonar i denne soga om fem tyske kvinner i Leipzig. Romanen tematiserer spørsmål og val som blir aktuelle i livet til dei fleste, særleg kvinners liv: Skal ein nyte fridomen i singeltilværet eller søkje ein fast partnar? Må ein verkeleg elske den ein lever saman med, eller er det greitt med utruskap når tilhøva ligg til rette? Er sjølve meininga med livet å få barn, eller kan ein greie seg godt utan?

Men «ingen kjem unna politikken» som Marie Bergman song på 1970-talet. Aktuelle politiske understraumar og ikkje minst korleis tysk historie framleis pregar innbyggarane, gir forteljingane eit endå større alvor og djupn.

Eigne val

Dei fem kvinnene har kvart sitt kapittel i romanen. Dei er knytte til kvarandre anten gjennom familie eller venskap eller gjennom partnarar som kjem inn i og går ut av livet att. Kvinnene er privilegerte på mange vis, relativt velståande, høgt utdanna. Tilværet er likevel langt frå enkelt.

Paula er aleinemora som etter eit traumatisk brot får livet attende gjennom ein ny partnar. Judith er kanskje den mest fascinerande av kvinnene og den mest utradisjonelle. Livet hennar er likevel eit ganske typisk kvinneliv av i dag: Den dyktige og lynskarpe legen jaktar stadig nye menn på nettet. Ho er ute etter både reint seksuelle møte og kanskje noko meir seriøst. Særleg når det gjeld det siste, er det ingen som når opp til standarden ho har sett. Slik held ho fram i livet med berre éin verkeleg nær relasjon, og det er til hesten sin. Forfattarhaldninga er likevel klar: Livet til den sterke Judith er fullverdig. Det aller viktigaste er eigen integritet, og for å halde på den må ein av og til våge å gjere val som ikkje alltid er populære eller fullt aksepterte av omverda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement