Teater

Kvar er Storebror?

Sceneversjonen av Orwell-klassikaren er effektfull, men dramatisk utydeleg.

Sigurd Myrhre (fremst) som Winston og Håkon Ramstad som O’Brien i den klassiske framtidsvisjonen på Torshovteatret.
Sigurd Myrhre (fremst) som Winston og Håkon Ramstad som O’Brien i den klassiske framtidsvisjonen på Torshovteatret.
Publisert

George Orwells skilsetjande framtidsroman 1984 frå 1948 (tittelen var ein anagramleik med siffera frå utgivnadsåret) har aldri bleikna i aktualitet. Kan hende var boka den viktigaste av alle i det tjuande hundreåret. Kontrollstaten, som skal overvake tankar og kjensler og fjerne minnet til enkeltindividet, har mange gonger pusta oss i nakken. Kor nære har vi vore, og kor nære er vi, eit totalitærregime?

Eit utval

Utan å ha sett den amerikanske uroppsetjinga av denne dramatiseringa er det ikkje godt å vite kor mykje Torshovteatret har arbeidd vidare med teksten, men å ta ein roman til scenen fordrar alltid at ein gjer eit utval. Alt kan sjølvsagt ikkje kome med, og i nokre tilfelle må detaljar diktast til. I dette tilfellet, der eit tenkt framtidssamfunn vert skildra, med andre samfunnsnormer, andre levemåtar og omgangsformer, lyt ein mest ha eit konkret sceneunivers og ein om lag «vanleg» forteljestil for å nå fram. Framsyninga på Torshovteatret har mange kraftfulle enkeltscener og mykje skarpt gjennomført skodespel, ikkje minst av Sigurd Myhre i hovudrolla som den opprørske og lagnadsdømte Winston. Men dramaturgisk verkar det i lange periodar som lause fragment, eller, om ein vil, som ein to timars trailer, der vi rett nok vert nyfikne og engasjerte, men samstundes frustrerte over å ikkje få heilskap i historia. Scenerommet er ein platting framfor ein bakvegg med luker som i ein julekalender, berre utan teikningane av reinsdyr og nissar.

Ubehageleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement