Kunst
Kuratert i Stockholm, formidla i Östersund
Nationalmuseum Jamtlis nordiske kunst frå 1880 til 1910 er verd reisa over grensa.
Nils Kreuger, «Natten kommer», 1904.
Foto: Nationalmuseum
For eitt år sidan opna nasjonalmuseet i Stockholm ein filial i Östersund. Nationalmuseum Jamtli er plassert inne i det store friluftsmuseet Jamtli. Kunstmuseet viser no si andre utstilling, også ho utarbeidd av tilsette ved Nationalmuseum i Stockholm. Museet har eitt visingsrom, til gjengjeld er det stort og med solid takhøgd. Det vakre tregolvet er med på å dempe lydane.
Utstillinga Från gryning till skymning er tettpakka med heile 130 måleri, grafiske blad og skulpturar. Store lettveggar deler salen i to og skaper endå meir utstillingsplass.
Eit strukturerande verkemiddel er dei solgule felta på veggane. Den varme, reine valøren kling også særs godt saman med desse fargeglade arbeida. Alle verka er i ulike format og med eit virvar av forskjellige rammer. Det er herleg å sjå kor lite standardisert slikt enno var. Det er ei bragd å montere verka så vakkert som det er gjort her. Ei montering som dette krev ein velutvikla sans for komposisjon, men når det først fungerer, som her, vert det særleg flott å sjå på. I og med at verka står såpass tett, krev det konsentrasjon å granske kvart verk. Det er overveldane å stige inn i eit rom med så mange verk, det er uråd å kome over alt på eitt besøk. Ein får lyst til å vende attende, sjå meir. Det er ein viktig kvalitet ved ei utstilling som skal stå eit heilt år.
Brytningstid
Utstillinga gir eit innblikk i dei ulike fasettane ved kunsten i perioden 1880–1910. Hundreårskiftet er ei av dei store blomstringstidene i kunsten takka vere fleire nyvinningar. Endeleg slapp kunstnarar å blande målinga sjølv, ein omstendeleg prosess. No kunne dei ta med seg målingstubar og arbeide utandørs. Etter at fotoapparatet vart vanleg, tok ein til å tenke annleis kring måleriet. Ein eksperimenterte med utsnitt, ein vart meir oppteken av måleriets særpreg meir enn å konkurrere med fotografiet.
Eit grep som kan verke noko lettvint for å synleggjere det nye med kunsten, er plasseringa av eit digert historiemåleri av svenske Carl Gustaf Hellqvist som det første ein ser når ein går inn i salen. «Peder Sunnanväders och Mäster Knuts skymfliga intåg i Stockholm 1526» frå 1879 er tradisjonelt komponert, bygd opp i bruntonar og med eit dramatisk motiv om stormenns sigrar og fall.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.