Kunst

Kunsten å treffe tidsånda

Verka til Frida Orupabo er av den typen som festar seg på netthinna, men kva handlar dei eigentleg om?

Vegg med papirkollasjane «A warm meal» (2021), «Closed fists» (2021) og «Batwoman» (2021).
Vegg med papirkollasjane «A warm meal» (2021), «Closed fists» (2021) og «Batwoman» (2021).
Publisert Sist oppdatert

På få år har Frida Orupabo (f. 1986) blitt eit internasjonalt fenomen, sosionomen som laga kollasjar i leilegheita si i Oslo etter arbeid og la dei ut på Instagram. Som ein kunstens Oskepott vart ho oppdaga av den amerikanske filmkunstnaren Arthur Jafa og invitert til å stille ut saman med han på Serpentine Gallery i London.

Sidan har ho vist arbeida sine på fleire prestisjefulle mønstringar, mellom anna Veneziabiennalen i 2019. Utstillinga i Kunsthall Trondheim er den andre ho har i heimlandet. Her viser ho store papirkollasjar, skulpturar, videoverk og digitale fargetrykk fordelte over to etasjar. Verka fungerer særs godt i lokala til kunsthallen. Den tidlegare brannstasjonen med grove murveggar og breie søyler som hindrar siktlinjer, viser seg ofte å vere krevjande å vise verk i. I denne utstillinga kjem verka tvert om fullt og heilt til sin rett.

Kunstnaren finn inspirasjon på internett og leitar fram fotografi frå svart visuell kultur. Ho skriv ut bilda i svartkvitt på ein heimeskrivar, klipper ut og kombinerer ulike kroppsdelar saman til kvinnefigurar. Ansikta er alltid vakre, men kroppane så forkrøpla og keitete at dei er vonde å sjå på. Går vi nærare inn på verka, ser vi at papirbitane er festa saman med splittbinders og gir assosiasjonar til det avgrensa og ofte naturstridige rørslemønsteret til ein sprellemann.

Kvinne til hest

Den største av papircollagane viser ei kvinne til hest. Overkroppen og hovudet er vende frontalt mot oss, medan underkroppen vert vist frå sida, liksom hesten ho rir på. Den kraftige vridinga i kroppen kan minne om egyptiske relieff, men verkar heller påtvinga og smertefull. Ho har heller ikkje grime eller sal å hjelpe seg med. Hendene er dessutan avstumpa og ubrukelege, og dei kvite dokkebeina har stive ledd. Den anatomiske utforminga gjer henne heilt hjelpelaus på hesteryggen.

Det er vanskeleg å sjå på verket utan å samanlikne det med ein fleire tusen år gamal tradisjon for ryttarportrett. Gjennom tidene er det helst mektige menn som vert portretterte til hest. I desse skildringane legg kunstnarane vinn på å få fram at ryttaren har suveren kontroll på dyret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement