Kunsten å følge med

Neste stormønstring er Kochi-Muziris-biennalen i India (frå 12. desember 2018 til 29. mars 2019). Biletet er eit utsnitt frå «Room for lies» av Sunil Padwal, vist på biennalen i 2016.
Neste stormønstring er Kochi-Muziris-biennalen i India (frå 12. desember 2018 til 29. mars 2019). Biletet er eit utsnitt frå «Room for lies» av Sunil Padwal, vist på biennalen i 2016.
Publisert

Noko av det mest spennande med samtidskunsten er nettopp dette av han er nylaga. Kunsten kjem ut av ateliera rykande fersk og vert stilt ut før han har kolna. Det er også dette som gjer det så vanskeleg å følgje med på samtidskunsten. Han hender overalt på same tid, og ein rekk ikkje sjå meir enn ein brøkdel.

Dette er nok ein av grunnane til at slike årvisse utstillingar som haustutstillinga er så populære. Her kan ein få ei grei oversikt. Og når det lir mot vår, kjem utstillingane frå avgangsklassene på kunstutdanningane, her får vi eit glimt av det vi har i vente i åra framover.

Og vi kan ikkje nøye oss med berre norsk kunst når heile verda boblar og kokar av kreativitet. Kunsten i dei ulike landa snakkar stadig meir og betre med kvarandre, og desse internasjonale stormønstringar får meir og meir å seie.

Derfor må vi få med oss biennalane i Venezia og San Paulo, og kvart femte år må vi ta turen til Documenta i Kassel. Og det er mange fleire ein helst skulle ha sett. Med tanke på at kvar av utstillingane viser fleire hundre verk, seier det seg sjølv at vi må fare over med harelabb.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement