Kunst

Relativ verdi

Niclas Castello: «The Castello Cube», utstilt i Central Park i New York.
Niclas Castello: «The Castello Cube», utstilt i Central Park i New York.
Publisert

Som regel vert kunstverk prisa etter signaturen. Verdien av materiala i eit verk av van Gogh er nokre få kroner. Det er signaturen ein betaler for, og forhåpentleg også kunstopplevinga.

Andre gonger er verket framstilt av verdifulle materiale. For nokre dagar sidan stilte den tyske kunstnaren Niclas Castello ut ein kube av 24 karat gull i Central Park i New York. Forståeleg nok var dette ei eindagsutstilling, ein slik gullklump er verd mange millionar kroner.

Verket var plassert direkte på bakken og må ha vore eit fantastisk syn. Men det mest interessante med «The Castello Cube» er ideen. Her vert vi, under tung overvaking, presentert for ein eldgamal valuta, handfast og konkret. Same dag lanserte tyskaren kryptovalutaen Castello Coin. På elegant vis har kunstnaren laga ei tidsreise på fleire tusen år.

Medan gullkuben ikkje var til sals, bruker andre kunstnarar reelle pengeverdiar til å problematisere kva kunstnaren faktisk sit att med etter eit sal. I 2007 fekk danske Jan Christensen 150.000 kroner i arbeidsstipend av Skien kommune i samband med eit kunstnaropphald her. Medan han grubla over korleis han skulle klare å leve som kunstnar, gjekk han til banken for å hente ut 100.000 kroner i hundrelappar. Setlane vart klistra på eit digert lerret og stilte ut med tittelen «Relativ verdi».

Prislappen var på 100.000 kroner. Med andre ord tok Christensen seg ikkje betalt for den kunstnarlege prosessen. I tillegg tapte han medvite pengar, då både galleriet og skattevesenet skal ha rause delar av salssummen. Verket kan sjåast på som ein performance, som tematiserer korleis kunst vert eit spekulasjonsobjekt, som kunstnarane får lite økonomisk utbytte av.

Faktisk vart verket stole natta til siste utstillingsdagen, og Christensen fekk att pengane på forsikringa. Imponerande tru mot sitt eige konsept laga han verket på nytt for forsikringssummen og overleverte replikaen til kjøparen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement