Kunst
Omdefinering av intelligens
Kunsthall Trondheim opnar for publikum laurdag 9. mai. Eg fekk lov til å kome inn i stengingsperioden og sjå NO NO NSE NSE av Jenna Sutela, og det var herleg endeleg å stige inn i ein utstillingsstad att.
«I Magma» (2019), detalj. Blåst glas, slim, elektronikk. Bestillingsverk av Serpentine Galleries og Moderna Museet, 2019.
Foto: Aage A. Mikalsen / Kunsthall Trondheim
Den store og mangfelte utstillinga NO NO NSE NSE er den første separatutstillinga til finske Jenna Sutela (f. 1983) i Noreg. Utstillinga, som vert send vidare til Oslo Kunstforening i haust, tek føre seg andre former for medvit og intelligens enn den menneskelege. Verka er store og komplekse, utvikla i samarbeid med vitskapsfolk, teknikarar og andre kunstnarar.
Kunstnarar har arbeidd tett med avansert teknologi sidan Leonardo da Vinci under renessansen, og vi har mange gode eksempel på slikt samarbeid innan norsk samtidskunst. Dette er også tema som passar særs godt i NTNU-teknologiens hovudstad.
Den vanskelege tilfeldigheita
Hovudverket «I Magma» (2019) er noko så tilsynelatande banalt som lavalamper. Dei er forma som hovudet til kunstnaren, ei form for sjølvportrett, og fylte med flytande voks i ulike sterke fargar. Under dei står det ei varmelampe som får formene til å sirkulere i kolben. Det er artig å sjå att denne konstruksjonen, som vert så sterkt assosiert med 60-åra, psykedeliske stoff og hippiekulturen, fram til dei på dei ironiske 80-åra vart stempla som noko at det mest smaklause på jordkloden. Det er likevel ikkje til å kome forbi at dei har nærast hypnotiserande verknad. Det gjer godt å følgje med på desse dansande mjuke boblene med auga. Kan hende 60-åra er på veg attende?
Sidan det har vist seg at desse flytande buktande formene i glødande fargar dannar mønster som er uråd å føreseie, vert lampene nytta innan avansert datateknologi. Det finst heile vegger fylte med lavalamper som er kopla til programvarer som analyserer rørslene i lampene. Frå denne informasjonen vert tilfeldige talrekkjer genererte. Det tilfeldige er mykje vanskelegare å skape enn ein skulle tru, og den digitale verda er grådig etter talkombinasjonar som ikkje kan knekkjast. Utruleg nok genererer lavalamper omtrent 10 prosent av all kryptering som vert nytta til å beskytte informasjon verda over.
Sutela har også laga eit system som analyserer kvar og ein av sju utstilte lavabystar. Dei er kopla til ein applikasjon som publikum kan laste ned på telefonen sin. Her får du sjå voksen pulsere, og ei programvare omtolkar formene til ord som vert sende til telefonane som orakelsvar om den kollektive framtida vår – noko som vert litt pussig, då utstillinga vart sett opp rett før alt av museum vert stengde på grunn av ein verdsomspennande sjukdom. Ideen er nyskapande og skjerpande og kan i teorien illustrere poenget til kunstnaren: Vi må godta at vi ikkje har heilt kontroll over korleis kunstig intelligens lærer og utviklar seg, og vi må gje slepp på tanken om at dette vil skje innan menneskeleg forståing. Samstundes synest eg ikkje applikasjonen hjelper meg særleg, med orakalmeldingar som «You are not to be a tree» eller «You have in the two golden fragments». I tillegg er det stilt ut fotoverk av bystane, verk av meir dekorativ kvalitet som tilfører lite.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.