JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olav Strømme: «Maria Stuart», 1969.

Olav Strømme: «Maria Stuart», 1969.

Olav Strømme: «Maria Stuart», 1969.

Olav Strømme: «Maria Stuart», 1969.

2106
20190621
2106
20190621

Nytt Olav Strømme-galleri

Kunsthuset i Ørsta

13. juni–28. september

Etter mange års arbeid og god hjelp frå fleire hald har Volda og Ørsta kunstlag opna eit galleri med kunsten til Olav Strømme. Olav Strømme (1909–78) vart fødd i Hovdebygda i Ørsta. Familien flytta tidleg til Austlandet, men tilknytinga til Sunnmøre går som ein raud tråd gjennom kunstnarskapet. Galleriet vert innvigd med ei retrospektiv utstilling som gir små glimt frå ein lang karriere. Gjennom førti år utvikla han ein sterkt personleg bildestil som kombinerer særnorske element med moderne bildekunst.

Like Betzy

Nordnorsk Kunstmuseum, Tromsø

15. juni–16. februar

Utstillinga syner ikkje berre arbeida til Betzy ?Akersloot-Berg (1850–1922), men gir eit fascinerande innblikk i livet til den modige globetrotteren. Ho er mest kjend for maritime motiv og var oppteken av å måle ute i alt slags vêr, også bunden fast i skipsmasta i ruskevêr. I tillegg vert det vist måleri av andre norske kunstnarar frå samtida hennar: Elisabeth Sinding, Hendrik Willem Mesdag, Adelsteen Normann og Peder Balke.

Eevahenna Aalto: «Skiftninger»

Svolvær Kunstforening

21. juli–11. august

Sommarutstillinga 2019 viser tolv store og frodige bildevevar og seks måleri av Eevahenna Aalto (f. 1944). Ho er frå Finland, men har budd i Noreg i meir enn førti år. Teppa er bygde opp av stramme og geometriske former som er vovne med røffe, tjukke trådar.

Svein Johansen: Tilegnet

Baroniet Rosendal

31. mai–11. august

På åttitalet vart Johansen kjend for arkitekturmåleri av storslegne europeiske kulturminne. Dette er figurative bilde som er stofflege og sanselege. Med åra har uttrykket blitt meir abstrakt. Dei 25 måleria i utstillinga er tileigna komponistar, forfattarar og målarar som har hatt mykje å seie for han.

Johan Furåker, If Only Everything

Kristiansand Kunsthall

8. juni–25. august

Den svensk-danske kunstnaren Johan Furåker (f. 1978) viser måleri av planter og hagar. Er det ein samanheng mellom idealisert og kultivert natur og idear om lykke? I tillegg vert det vist to videoverk. Dette er den første separatutstillinga av Furuåker i Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis