JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Menneske av leire

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rullesegl av stein, laga mellom 2100–2000 f.Kr. 1,3 x 2,55 cm.

Foto: British Museum, London

2129
20230120
2129
20230120

Leire er gjerne det første materialet eit barn formar figurar med. Det er såleis ikkje underleg at førestillinga om at dei første menneska vart skapte frå leirefigurar, går att verda over. Freskar og skulpturar frå antikken viser den greske guden Prometeus skulptere mennesket, eller skildrar korleis Gud forma Adam av jord og bles liv i han, medan gamle egyptiske veggrelieff viser guden Khnum modellere fram menneska på eit pottemakarhjul.

Det er tankevekkande at skapingsmytar frå andre kulturar er så godt som uråd å finne avbildingar av. Til dømes manglar eldre verk av skogguden Tane-Mahuta, som skapte den første kvinna av raudleire, ifølge maoriane på New Zealand, likså avbildingar av leiremenneska som den vietnamesiske guden Ông Tr?i la i sola for å tørke.

Særleg gudinnene er vonde å finne avbildingar av. Eit eksempel er modergudinna Ninhursag, sumerisk for kvinna (nin) av fjellet (hursag). Det er bevart fleire tavler i kileskrift som fortel korleis ho skaper menneska av leire. Trass i at eg veit at det finst fleire motiv av henne, er dei uråd å finne på nettet. Det er knapt forska på henne heller. La oss derfor dvele ved dette uskarpe fotografiet av eit rullesegl.

I Midtausten er det funne ei mengd slike vakre små former, nokre heile 9000 år gamle. Sylindrane er dekorerte med eit motiv som først vert synleg når steinen vert rulla over fuktig leire. Motivet har det kantete uttrykket som er karakteristisk for desse ørsmå kunstverka. Her sit ei kvinne i sid, stripete kjole på ei trone. Det verkar som om ho velsignar eit par som held hender. Kvinna er diger, endå sitjande er ho i augehøgd med dei to tilbedarane. Hovudpryden har to horn som dannar ei form som minner om omegateiknet. Innan mesopotamisk ikonografi er dette eit kjenneteikn for Ninhursag.

Også inskripsjonen i kileskrift nemner namnet hennar. Sumerisk kileskrift er det eldste kjende skriftsystemet i verda.

Uskarp eller ei, det er fascinerande å studere scena som utspeler seg, med ei høgde på berre 2,55 centimeter.

Verket minner oss om at framleis er det mykje som ikkje er skrive om eldre tiders kunst.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis