JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kvifor syng kvalar?

Eg tvilar på om det er mogleg å sitje grasiøst på ein saccosekk. Men vi hadde det komfortabelt der vi låg midt i eit mørklagt rom med attlatne auge, lyttande. Og for ein lyd! Tonane fløymde mot oss frå alle sider, ein maritim komposisjon spesiallaga for dette rommet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Winderen komponerer ferdig lydinstallasjonen i sjølve utstillingsrommet på Ringve.

Foto: Jana Winderen

7086
20231013
7086
20231013

Utstilling

Jana Winderen? i samarbeid med Tony Myatt:

Lost Voices. Listening under the Surface

Februar 2023–februar 2024
Ringve Musikkmuseum i Trondheim

Jana Winderen stiller ut verda over med dei komplekse lydinstallasjonane sine. Denne gong på Ringve Musikkmuseum, som ligg nokre kilometer søraust for sentrum av Trondheim, omkransa av ein frodig botanisk hage. Her er utstillingane plasserte i bygningsdelane etter den ærverdige Ringve gard, der mellom andre Peter Wessel Tordenskiold (1690–1720) vaks opp saman med dei mange syskena sine. Delar av Wesselbygningen frå 1600-talet står faktisk den dag i dag.

 Alt i 1952 vart det oppretta musikkmuseum på Ringve, som med åra har utvikla seg til eit nasjonalt museum for musikk og musikkinstrument. Utstillinga til Winderen er plassert i tilbygget frå 2013, med den gylne metalltekte fasaden som skil seg så sterkt ut frå resten av dei staselege gardsbygningane på Ringve. Underleg nok fungerer dette tilskotet godt til heilskapen. I dette bygget ligg den store Kjeldsbergsalen, som nettopp vert nytta til å vise fram skiftande utstillingar i.

Utstilling utan bilde

Lost Voices er ei utstilling utan eit einaste bilde. Bilda i artikkelen er dokumentasjonsbilde eg har fått av kunstnaren for å visualisere den komplekse prosessen hennar fram mot ferdig verk. Å sjå desse bilda i utstillingsrommet ville berre vore forstyrrande. Her inne er det berre lyttesansen som tel.

Svarte saccosekkar i eit mørkt rom, omkransa av 26 store høgtalarar monterte på golv, veggar og tak. Dette verket har Winderen laga i samarbeid med den britiske lydartisten og ingeniøren Tony Myatt. Lydsporet er sett saman av undersjøiske opptak som Winderen har samla inn gjennom ei årrekkje frå elver og farvatn verda over.

Ho har endåtil vore med vitskaplege ekspedisjonar til arktiske strok for å granske havlyd. I tillegg til kunststudium har Winderen bakgrunn frå matematikk, kjemi og fiskeøkologi. Denne unike bakgrunnen har kunstnaren nytta til ikkje berre å hente inn og tolke undersjøiske lydlandskap frå stader som er utfordrande å kome til, men også lage avspelingar som vert interessante for publikum å lytte til.

God lydkvalitet 

Det er særs sjeldan å høyre så god lydkvalitet på kunstutstillingar. Eg likar godt kombinasjonen av lydar som er fanga opp gjennom feltarbeid – den reine innspelinga av det som rører seg under havflata – og det ho tilfører verket gjennom seleksjon av lydspor, og måten ho set elementa saman til ei heilskapleg lydoppleving på. Winderen står alltid sjølv for alle dei tekniske delane av prosessen. Ho arbeider med eit Ambisonics B-format-oppsett, som er mykje nytta i VR-oppsett og 360-video. Den siste delen av komponeringa skjer i rommet, slik at lydspora vert tilpassa akustikken i nett dette arealet.

Resultatet er ein rik og stoffleg kvalitet, det kjennest som vi vert omfamna av lyden. Lydbildet er nyansert. Fleire lydar anar vi meir enn vi høyrer dei, andre kjenner vi som bassvibrasjonar gjennom golvet. Winderen vil heller ikkje seie noko om kor langt verket er. Komposisjonen går i ei saumlaus sløyfe, og vi høyrer ikkje når det startar på nytt.

 Det er eit rikt lydbilde, med lag på lag av nyansar. Dette er ein uvand måte å lytte på. Innimellom kjem attkjennelege lydar, som når vi høyrer brusinga frå mektige bølgjer rulle mot oss, då kjennest lyden så realistisk at vi instinktivt lettar på føtene, andre gongar høyrer vi kvalar synge om kapp med brummande lydar frå store skip.

Tyggjelydar?

Men dei fleste lydane er like underlege som dei er framande: Er det grynt vi høyrer, og kva med pipinga og knitringa, og dukkar det ikkje opp… tyggjelydar? Winderen sjølv er løyndomsfull, ho vil ikkje sortere og forklare dei ulike lydelementa. Og det er fint, for lyden set fantasien i sving og dannar bilde i hovudet vårt, som truleg er svært forskjellige ut frå kva referansebakgrunn vi har. I parti er komposisjonen uhyggeleg, og eg ser for meg glupske sjømonster som Guri Kunna, eller kan hende det berre er vasskrekken som speler meg eit puss.

 Det vi har til felles her, er den sterke opplevinga av å vere djupt under vatn, som gjestar i eit framandt univers. Ikkje berre har ho oppsøkt stader vi truleg aldri kjem til å kome til. I tillegg får vi del i ein biofoni som er langt rikare enn det menneskeøyra kan fange. Biofoni er eit omgrep som vert nytta om lydar frå dyre- og planteliv.

Medan menneske, då særleg dei unge, høyrer opptil 20.000 hertz, kan til dømes delfinen høyre 200.000 hertz, medan kvalar kan høyre frekvensar lågare enn dei 20 hertz menneska kan oppfatte. Kunstnaren har justert ein del av lydane såleis at vi får del i det som elles er utanfor vår rekkjevidd. Såleis minner Winderen oss om at vi er del av eit enormt økosystem, som vi berre sansar eit lite fragment av.

Propelldur

Og vi skal ikkje lytte lenge før vi tek til å skilje ut dei mange og forstyrrande menneskeskapte lydane i komposisjonen. Her er dur frå propellar, dunking frå ekkolodd, og ikkje minst stammar mykje av lyden frå industri som føregår på land, gjerne mange kilometer unna.

I dei seinare åra har det vore meir merksemd på støyureining under vatn. For oss som står på land, er aktivitetane på sjøen så tause. Men det er langt frå sanninga, lyden ber særs godt i vatn, og flyttar seg fire gongar raskare i vatn enn i luft. Alt som lever under vasskorpa, er avhengig av lyd til kommunikasjon og orienterer seg med lyttesansen. Fleire artar legg til dømes samtalane sine kløktig nok til frekvensar som gjer at dei går under radaren til rovdyra.

Dette avanserte samspelet er i dag truga: Menneskeskapt ståk overdøyver i aukande grad dei naturlege, biologiske lydane. Såleis kjem vi inn i ein vond sirkel, med stadig færre dyr og plantar, som igjen får stadig meir problem med å finne kvarandre.

Kvalsong

Dei vakraste partia i lydsporet er dei melodiøse tonane til kvalane. Men kvifor syng desse store sjøpattedyra eigentleg? Svaret er ganske enkelt: Vi veit ikkje. Forskarar har grunda på dette i fleire tiår utan å kome nærare noka forklaring. Framleis er mange gåter gøymde i havdjupet.

Det er noko heilt anna å erkjenne dette gjennom verket Lost Voices enn å lese om det i forskingsrapportar og medieoppslag. Her sansar vi det gjennom kroppen. I starten når vi lyttar, gler vi oss over den fantastiske lydkvaliteten, morar oss over å lytte til heilt framande lydar, venleiken i komposisjonane hennar. Då slappar vi av, lèt verket verke på oss. Det er viktig å ta seg tid her inne, ikkje la seg freiste til å løfte opp mobilen, berre la musikken rulle over seg. Så vil ein etter kvart skilje ut det som ikkje høyrer heime her, som forstyrrar.

Winderen viser med Lost Voices kor mektig ei kunstoppleving kan vere, korleis ho har erkjenningsinnhald og kan formidle noko som er vanskeleg å seie med ord.

 Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis