Kvifor så mange skjermar?
Pia Arkes «Arctic Hysteria», stillbilde frå videoverket, 1996.
Utstilling
Momentum 11
House of Commons
26. juni–10. oktober
Moss, Jeløya og Oslofjorden
Kunstnarar: Pia Arke, Federico Barbon, Augusto de Campos, Nina Canell, Chto Delat, Cian Dayrit, Goutam Ghosh, Camilo Godoy, Renée Green, Siri Hermansen, Délio Jasse, Kollektivnye Deystviya, Daisuke Kosugi, Maria Nordman, Uriel Orlow, Frida Orupabo, Charlemagne Palestine, Hannah Ryggen, S-AR, Paul Mpagi Sepuya, Trinh T. Minh-ha.
Kurator: Théo-Mario Coppola
Dette er ellevte gongen kunstbiennalen Momentum vert arrangert, den store internasjonale utstillinga som annakvart år breier seg friskt og spenstig utover store areal i Moss og omegn. I år er derimot det heile kraftig nedskalert, forståeleg nok, med tanke på pandemien. Utstillingsopninga har også vore flytta på fleire gonger.
Attpåtil har det vore ein del krøll med kuratoren denne gongen, utan at det er særleg interessant å gå nærare inn på dette her. Det er kan hende auka risiko for slikt, med avstanden og alle vanskar og forseinkingar vi opplever for tida. Men det er trist. Konflikten legg ein synleg dempar på entusiasmen og gleda som plar prege denne biennalen. Dette er også truleg årsaka til ein del småfeil i tekstane om utstillinga på nettstaden til galleri F15, det kan verke som om dette arbeidet er gjort i all hast.
Paradoksalt nok, med tanke på konflikten, er temaa for Momentum 11 samhald og utsyn.
For mange videoar
I og med at det er så som så med utlandsturar for tida, hadde eg sett fram til å endeleg sjå internasjonale verk i Moss. Og det fekk eg jo sjå, men i hovudsak på flate skjermar. Eg ville mykje heller ha sett fleire fysiske verk, verk som fyller romma. Video har vi vel sett nok av i denne tida.
Det var noko tungt å gå frå skjerm til skjerm, fleire framsyningar varte over timen. Dei gjekk i evig loop, og det var forvirrande å dukke rett inn i ein video og ikkje ane kvar ein var i forløpet. Det hadde vore fint om det var opplyst om lengde og kva tid filmen starta, så kunne ein planlegge utstillingsrunden ut frå dette.
I tillegg var utstillinga forbløffande lite koronavennleg – det var altfor få krakkar, som dessutan var for korte til at to kunne sitje på dei og samstundes halde einmeteren. Vonde å sitje på var dei også.
«Islands of Memories»
I vellet av noko einsformige videoverk var det likevel nokre som utmerkte seg. Det sterkaste inntrykket var gøymt i skogen utanfor Galleri F15 på Jeløya: eit av tre videoverk som er sette opp i mellombelse paviljongar. Byggverka er kunstverk i seg sjølv, teikna og utforma spesielt for Momentum av det meksikanske arkitektkontoret S-AR. Kontoret vart grunnlagt i 2006 og legg vinn på å verdsetje og framheve naturressursane på staden. Paviljongane er laga av lokalt trevirke og gjenbruksmaterialar. Dei er robuste og vakre og glir godt inn i terrenget.
Dette er den såkalla Plattformpaviljongen. Han er kubeforma, innvendig er det eitt rom med lågt tak, jordgolv og tre store lerret. Den lukka, nesten tyngande forma på rommet passar særs godt til videoinstallasjonen «Islands of Memories» (2018) av den norske kunstnaren Siri Hermansen. Her er vi avsondra frå omverda, det vert noko intimt over rommet som knyter oss tett til det som hender på dei tre lerreta vi har føre oss.
Verket viser ei side vi sjeldan får innblikk i. Dette er ein var og sår film med intervju av tredje generasjons etterkommarar av tyskarar som deltok i andre verdskrig. Her møter vi ein kulturhistorikar, ein psykiatrisk sjukepleiar og ein professor i samfunnsfag. Gjennom det dei fortel om familien sin, anar vi dei ulike strategiane og metodane dei har laga seg for å forstå familiehistoria si, så vel som nazismen i det heile. På den måten får vi sjå om dette høver med dei offentlege narrativa. Det er tydeleg tungt å fortelje det som dei deler med oss. Filmen viser kor lenge ein krig eigentleg varer, korleis ein må streve med arva minne, skam og traume gjennom fleire generasjonar.
Vi får sjå korleis fornekting skjer, så vel som eit stort arbeid med å avdekke og finne ut av det som ikkje vart snakka om, både det som ein har valt å oversjå, og det ein kan vere stolt av. Portrettintervjua vert kryssklipte på ein god måte, med dokumentarbilde frå krigen og naturscener frå vår tid. Det er sterke bilde. Verket er så sugande og dragande at ein vert sitjande som forgapt.
Hermansen har lukkast i den vanskelege kunsten å dykke ned i noko spesielt for å seie noko generelt og eviggyldig. Verket har stor overføringsverdi for etterkomarar etter alle krigar og traumatiske hendingar. Det einaste ankepunktet eg har, er: Kvifor lét ikkje Hermansen dei intervjua snakke på tysk? Trass i at dette er tre høgt utdanna personar, leitar dei slik etter dei engelske orda. Når ein går inn på så djupt personlege og vanskelege tema, er det truleg mykje lettare å uttrykkje seg på morsmålet.
«The Crown Against Mafavuke»
Uriel Orlow er sveitsisk og bur og arbeider i London. Videoverket «The Crown Against Mafavuke» frå 2016 tematiserer kolonialisme. Han har dramatisert ei historisk rettssak i Sør-Afrika frå 1940, der det kvite medisinske etablissementet skulda plantelegen Mafavuke Ngcobo for såkalla «utradisjonell oppførsel». I og med Mafavuke blanda «vestlege ingrediensar» med tradisjonelle oppskrifter, vart han skulda for å vere ulisensiert apotekar. Fleire vitne og ekspertar vert kalla fram for å definere «utradisjonell oppførsel», noko som viser seg å vere vanskeleg. Det endar likevel med at Mafavuke får bot og forbod mot å nytte vestleg medisin i praksisen sin.
Filmen utforskar dei ideologiske og økonomiske konfrontasjonen mellom to ulike medisinske tradisjonar. Her vert plantelegen på fornedrande vis nekta høve til å utvikle kunnskapen sin. Den vestlege arrogansen står fram som grell.
Urettferda vert understreka av at framstillinga av rettssaka er lagd til the Palace of Justice i Pretoria, og ikkje til Durban, der rettssaka i røynda utspelte seg i 1940. Valet av Pretoria er symbolsk, det var nettopp her Nelson Mandela vart dømd til livsvarig fengsel i 1964.
Imbizo Ka Mafavuke Orlow viser også eit tilsvar til verket. «Imbizo Ka Mafavuke» frå 2017 er ei tenkt tidsreise der Mafavuke dukkar opp i vår tid. No er bordet snudd, og plantelegen skuldar den farmasøytiske industrien for utnyttinga og kommersialiseringa av kunnskapane dei har stole frå urfolk.
«Arctic Hysteria»
Ein annan godbit er grønlandske Pia Arkes «Arctic Hysteria» frå 1996. Arke utforskar etniske, kulturelle og politiske relasjonar mellom Danmark og Grønland.
Verket er ein videoperformance, dette er eit biletkunstverk som har utstrekning i tid og rom og som i tillegg vert utført av ein kunstnar på staden. Her kryp kunstnaren naken over eit stort svart-kvitt landskapsfoto på papir. Fotografiet viser eit utsnitt av Nuugaarsuk på sørspissen av Grønland, der Arke budde med familien ei periode som ung. Det er noko vilt og dyrisk over rørslene til kunstnaren, ho snuser og rullar seg over fotografiet, før ho riv det heile sund.
Tittelen viser til såkalla arktisk hysteri, ein diagnose nytta om inuittar, helst kvinner, som blir vanvittige og utagerande. Dette vart først dokumentert av oppdagingsreisande og forklart med den særs lange mørketida og ein generell veikskap i den kvinnelege sinnet. At reaksjonane kunne ha noko med fortvilinga over undertrykkinga til kolonimakta å gjere, vart ignorert.
Verket til Arke er ei harselering over den djupt nedlatande måten grønlendarane har blitt oppfatta på. Verket er dessverre minst like aktuelt i dag som då ho utførte det i 1996.
Slik verket er stilt ut her, på ein liten skjerm ståande på golvet, vert det vanskeleg å forstå kva verket handlar om. Ein må faktisk kjenne til kunstnarskapet frå før for å få utbytte av verket. Så det er synd dei ikkje henta inn fleire verk av Pia Arke når dei først var i gang. For Arke er ein overraskande lite kjend kunstnar, trass i at ho er rekna som ein av dei viktigaste postkoloniale kritikarane i hele Norden.
Momentum 12
Det er berre å sjå fram til biennalen som vert sett opp om to år. La oss håpe at dei etter dette kvileskjeret er attende til tidlegare høgder, med eit ambisiøst og storstilt program med mange romfrekke verk.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.