JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kunsten å slappe av

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ai Weiwei, «Tyres» (2016) og «Odyssey» (2017) i Astrup Fearnley-samlinga.

2678
20180406
2678
20180406

Det er ikkje til å kome bort frå at samfunnet vårt er både komplekst og i stadig endring. Desse trekka viser seg i kunsten. Det er nettopp kunstens vesen å spegle samfunnet han oppstår i. Samtidskunsten spenner over så mange ulike former for uttrykk at kunstomgrepet er nær ved å rivne. Det er ikkje alltid så lett å vite korleis ein skal tolke arbeidet ein ser på. Er dette noko for meg? Kanskje kjem kjensla av å mangle ein vesentleg kunnskap for å forstå verket, og panikken brer seg gjennom kroppen.

Då er det viktig å kome i hug den amerikanske forfattaren Siri Hustvedt, som liker å kome med utsegn som dette: Kunst er som sex. Om du ikkje slappar av, kjem du ikkje til å nyte det. Ho skriv mest om litteratur, men utsegna kan like godt nyttast om bildekunst. Dersom ein går inn i eit galleri med ein skrekk for å dumme seg ut, seier det seg sjølv at utbyttet ikkje vert så mykje å skryte av.

Så ein må senke skuldrene. Store delar av kunsten har gode inngangsportar, brulagde av erfaringar som vi kjenner godt frå andre delar av tilveret. Her er «Odyssey» (2015) og «Tyres» (2015) av den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei (f. 1957) eit godt døme. Kunstnaren tek føre seg ei hending vi kjenner godt frå media: flyktningane som med livet som innsats kryssar Middelhavet. Verket er utforma som eit tapet som er klistra på alle veggene i ein utstillingssal. Tapetet kan lesast som ein teikneserie, med rikhaldige skildringar frå den farefulle ferda. Samstundes som innhaldet er hjarteskjerande, framstår tapetet som dekorativt.

Spreidd over golvet ligg livbøyer. Dei verkar så lette og mjuke, men ser ein nærare etter, oppdagar ein at dei er hogde ut av marmor. Det som skal berge liv, er det motsette.

Dette første laget er lett å avlese for oss som lever i dag. Sjølv om ein ikkje har kunnskap om kunst, kan desse to verka gje ei sterk oppleving, og vere ein augeopnar for lidingar som vi har sett oss blinde på.

Samstundes har verka mange fleire lag. Tileignar ein seg kunnskap om tidleg gresk og egyptisk vegmåleri og vasekunst, vil ein oppleve bildespråket i tapetet på ein ny måte, for her er mange interessante referansar. Les ein i tillegg Odysseen av den greske diktaten Homer, finn ein parallellane som er bakte inn i teikningane til Weiwei. Når ein endåtil les seg opp på biografien til den kinesiske kunstnaren, og på korleis han slåst for menneskerettar i sitt eige land, vert verket endå rikare.

Jo meir kunnskap og innsikt ein har, jo større utbytte får ein av kunsten ein ser på. I tillegg kjem det fram fleire perspektiv som kan gi oss nye og rikare forståingar av røyndommen vi beveger oss i. Berre hugs å halde skuldrene låge.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis