Kunst
og humor
Kvar vart det av viljen til å få oss til å le?
«Haren lo så kjeften sprakk», Theodor Kittelsen (1884). Nasjonalmuseet
I utstillinga «KVINNE – 1970-tallets feministiske avantgarde» ved Stavanger kunstmuseum kan vi fryde oss over kor mykje humor det er i arbeida. Trass i eit alvorleg tema, trass i at kunstnarane møtte urimeleg motstand, tek dei ikkje offerrolla; dei svarar med friske, kvasse verk.
Kunsten i dag er sjeldan like artig å sjå på. Rett nok støyter du stadig på verk som får deg til å drage på smilebandet, men munnen løftar seg sjeldan så høgt at nokon kan så mykje som skimte tennene dine. Kvifor er det slik?
Då kan det hende nyare samtidskunst har all grunn til ikkje å spele på humor.
Med åra har kunsten blitt grenselaus, og skilja mellom kunst og kvardagsliv er viska ut.
Såleis er eit verk ikkje så lett å kjenne att om ein møter det utanfor utstillinga.
Kunstbiletet var enklare på syttitalet. Syttitalsfeministane trong ikkje uroe seg over om verka deira kunne tolkast som noko anna enn kunst. Dei laga si eiga greie og pressa fram eit nytt kunstsyn.
Dersom kunstnarane hadde laga tilsvarande verk i dag, ville vi forstått dei heilt annleis. I dag har vi fått eit overseksualisert blikk på kroppen, og særleg på kvinna, difor ville han ha vore vanskeleg å bruke som symbol på same måten. Samstundes har folk blitt meir hårsåre. Kunstnarane må vere meir varsame for å ikkje krenkje nokon, for å ikkje snakke om å erte på seg nokon. Berre tenk så mange hatmeldingar desse kvinnene ville fått i dag.
Har det blitt slik at det vi som publikum meiner er morosamt, ikkje kan vere skikkeleg kunst? Kan hende det er her hunden er gravlagd. Er det vi som er publikum, som har skulda, og ikkje kunstnarane? At vi sjaltar vekk det som er artig, og degraderer det og heller dyrkar det alvorsame? Og ikkje ser at under humoren kan det ligge djupare meining?
Det er likevel ikkje verdt å gå for djupt inn i temaet. Å analysere humor er som å dissekere ein frosk, vert det sagt. Få menneske er interesserte i å sjå på, og frosken døyr.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?