JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

«I denne utstillinga opplever eg parallellane til Garborg som anten for utydelege eller for direkte»

Den årlege litteraturfestivalen Garborgdagane har alt vart i over ei veke når Bryne kunstforening inviterer til utstillinga G ­– sanning tvil i dei enorme lokala til tidlegare Jæren Meieri.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Drøs drøset drøs drøsa» (2024), installasjon av Elise Storsveen. Applikert tekstil (gjenbruksmateriale, vlieselin og stillasnetting).

Alle foto: Ådne Thomassen

5552
20240216
5552
20240216

Utstilling

Kine Lillestrøm, Trond Hugo Haugen og Elise Storsveen:

G – sanning tvil

Kurator: Jens Erland
Bryne kunstforening
Jæren Meieri
26. januar–17. mars 2024

Mursteinsveggane med knaggrekkjer liknar garderoben i ein symjehall frå 1980-talet, men A4-lappar med påtusja «Kunstutstilling» og pilar gir ei sjarmerande påminning om kva som er i vente.

I tredje etasje er døra inn til den eldste delen av meieriet. Rommet kan faktisk minne om dei svære hallane i Venezia som tidlegare vart brukte til skipsbygging, men no er del av biennalen. Det er noko merkverdig rett med kombinasjonen av gamle, slitne murveggar og kunst. 

Drøs gir liv

Det første kunstverket er «Drøs drøset drøs drøsa» (2024) av Elise Storsveen. Ein transparent, blåleg tekstil, som viser seg å vere stillasnetting, utnyttar til fulle storleiken i rommet. Verket er 2,7 x 50 meter, fordelt på tre lengder. Frå inngangen ser ein svarte silhuettar av påsydde menneskefigurar som er vende mot kvarandre og bundne saman av gjenstandar eller ei utstrekt hand.

Figurane er anonyme og liknar dokker, heilt til ein går lenger inn i rommet og ser baksida. Her kjem sterke fargar og mønster til syne, og figurane får liv. Den gjennomsiktige nettingen gjer at me i tillegg skimtar andre besøkande på utstillinga, som også møter kjende og slår av ein prat. Dette gir ein artig effekt. Ei openberr fortolking må vere at ukjende først får særpreg når ein møtest, slår av ein prat og drøser. 

Kine Lillestrøms måleri «Skitze» (2024), silikatmåling, furu, OSB, spon, kryssfiner, sedertre og MDF, restmateriale funne i Jæren Meieri og rundt omkring i Bryne 2,20 x 8 meter, og skulpturen «Terraine», brukte belteplater i stål frå Brøyt, 35 x 80 x 60 cm.

Skjult natur

Lenger inne i rommet står tre verk av Kine Lillestrøm. Ei samling stoveplantar med lampar over, ein stabel stålplater og eit stort måleri på 2,20 x 8 meter. Måleriet «Skitze» (2024) minner om kamuflasjemønster, og ein kan lure på kva som er skjult, og kven som skal bli lurt? Potteplantane peikar kanskje på menneska si kultivering og temjing av naturen.

Stålplatene i skulpturen «Terraine» (2024) er frå det lokale varemerket «Brøyt», mest kjent for diverse utstyr til gravemaskiner. Ein kan i desse verka spore det tosidige ved menneskets endring av det opphavlege landskapet. Er det nyvinning eller øydelegging? Kanskje er det naturen sjølv som i måleriet vil skjule seg for oss, med våre planar om vindturbinar og firefelts motorveg? Her er rom for å gruble vidare, men – det er iskaldt, sjølv med ull frå topp til tå.

«Lokalet og måten alle dei tre kunstnarane har teke det i bruk på, er imponerande.»

I desse plagiattider

Det enorme rommet held fram mot høgre, til kunstverk av Trond Hugo Haugen. Her heng svære, kvite stoff ned frå taket med teikningar og skrift på. Tekstane i verket «Upp endelaust» er for det meste henta frå Arne Garborg, men ifølgje kunstnaren sjølv er dei iblanda eigne ord.

Eg må innrømme at eg gjerne ville visst nøyaktig kva som er kva, no i desse plagiattider, men her er det vel berre å godta at både kunstnarar og regjeringsmedlemmer følgjer eigne reglar.

Fleire av teikningane er laga ved å leggje stoffa direkte oppå alt frå Arne Garborgs møblar til gravstøtta hans, stryke kolstift over og dermed få fram motiv av ein stol, eit bord og så vidare. Teknikken er mildt sagt direkte, og i fare for å bli banal, sjølv om han har det flotte namnet «frottage». Dei kvite draperia med søkjande ord skaper rett nok ei melankolsk stemning som kan passe godt til Garborg.

Tekstilverket «Upp endelaust» (2024) av Hugo Haugen. Teikning og frottage av mellom anna Garborgs skrivebord, jærstol, grav og steingjerde i Knudaheio. Kol på tekstil, jord, 4 x 49 meter. Utsnitt.

Høge ambisjonar

Lokalet og måten alle dei tre kunstnarane har teke det i bruk på, er imponerande. Me kunne vore på eit loft i New York eller i ein hip ruin i Berlin. Det må vere eit privilegium, kombinert med mykje arbeid, å få utfalde seg på denne type areal. Utstillingskatalogen er forseinka og venta ferdig trykt to veker seinare.

Utan meir informasjon er eg usikker på kva som var det opphavlege oppdraget til dei tre kunstnarane. Utstillingstittelen G – sanning tvil speglar sentrale tema i diktinga til Garborg, men også her blir ein gåande og famle litt i blinde etter korleis dette kjem til syne i kunstverka. 

På førespurnad får eg seinare tilsendt ein PDF med meir info om kurator Jens Erlands val av kunstnarar. Her kjem det fram at han søkte kunstnarar som samsvarte med Garborgs eige ønske om å «fremja utfordrande samtidskunst». Dessverre tilfører teksten lite informasjon som gir gjenklang i utstillinga.

For utydeleg og direkte

Verka fungerer godt i romma, og det er ei fin oppleving å vandre rundt dei og sjå korleis dei endrar seg frå ulike vinklar og mot ulike bakgrunnar. Eg kunne ønskje at det var fleire lag å gruble på, og ei kopling til Garborg som revitaliserer med fintføling og brodd. Det skulle vere mykje å ta av.

Garborg var radikal i sin tillit til det tenkjande og likestilte mennesket. I sin forakt for dobbelmoral, makt og ekstremisme opparbeidde han seg eit truverd som kvilte stødig på konstant tvil. I denne utstillinga opplever eg parallellane til Garborg som anten for utydelege eller for direkte. Kunstverka maktar ikkje heilt å utfordre eller utvide opplevinga av Garborg, som tekstane eg seinare får legg opp til. 

Ambisjonane er utan tvil høge og kunne gjerne inkludert tre–fire varmepumper, for det er like kaldt inne som ute, og ute er det minusgradar. Heilt enkelt påverkar det tida ein orkar å bli ståande framfor kvart verk. 

Mona L.D. Mørk

Mona Louise Dysvik Mørk er kunsthistorikar, lektor og musikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis