JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Fylt til randa

Gjennom 40 år har Leonard Rickhard
(f. 1945) ikkje berre markert seg som ein av våre fremste kunstnarar, han har også brei appell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«I ettermiddagslyset», 2015–16, frå Astrup Fearnley Samlingen.

4593
20201016
4593
20201016

Utstilling

Leonard Rickhard:

Før og etter solnedgang

12. september 2020–14. februar 2021
Kurator: Märit Aronsson
Trondheim kunstmuseum

Gjennom åra har arendalskunstnaren Rickhard hatt omfattande utstillingar ved dei største institusjonane i landet, mellom anna som festspelutstillar i Bergen (2009) og i ei stormønstring ved ARoS – Århus Kunstmuseum (2016). Han er også kjend for uredde meiningar om kunsten, eg skulle gjerne sett fleire som var like dristige og samstundes velformulerte i kunstdebattane.

Frå golv til tak

No har han fylt heile andre etasje i Trondheim Kunstmuseum med teikningar og måleri på storleik med to handflater, så vel som måleri i format som strekker seg frå golv til tak. Dei største bilda er monterte i dei tjukkaste rammene eg har sett – trekonstruksjonar som stikk nær ein halvmeter ut frå veggen, såleis dannar dei noko som kjem nær den skulpturale forma til altartavler.

Utstillinga inneheld arbeid frå 90-talet til i dag og viser at han held seg trufast til den stilen og det uttrykket han utvikla på 80-talet, då han slo igjennom for fullt. Fleire av dei nyare arbeida har rett nok innslag av collage; små detaljar av bilda er pusla inn i heilskapen, noko som skaper ein elegant relieffverknad.

Her er også stilt ut ein heil vegg av skisser til måleria. Rickhard er ein god teiknar, og arbeida fungerer godt på eiga hand. Det er spennande å fordjupe seg i dette frodige og rikt varierte mylderet av små arbeid.

Uro

Arbeida til Rickhard er kjenneteikna av ei helt spesiell kraft. Det kviler ei underleg stemning over dei – ei form for uro, eit ubehag som vekker noko i oss, ei form for eksistensiell angst som ikkje er lett å setje fingeren på. Ein berre anar dette, litt på same måte som hos den polske forfattaren Witold Gombrowicz i romanen Kosmos frå 1967, der ørsmå underlege handlingar kryp inn i hovudpersonane, som i aukande grad vert prega av ei uhygge.

Kvar gong eg står framfor arbeida til Rickhard, undrar eg meg over korleis han klarer å mane fram slike opplevingar i oss som ser på, noko som er paradoksalt med tanke på den slåande harmoniske og reint sagt estetiske fargebruken. Det er ei nyting i seg sjølv å granske korleis han får fargane til å klinge i finstemde, matte tonar, korleis han utforskar nye palettar for kvart einaste bilde. Den tekniske kvaliteten på arbeida er framifrå, dei er omhyggeleg pensla ut, gjerne over fleire år.

Heller ikkje motiva har noko i seg som plar skape slike kjensler i oss. Karakteristisk for verka er ei kjølig, analytisk skildring, der det er lagt inn riss av underlege tekniske innrettingar og grunnplan av bygningar i motiva. Her er måleriet «I ettermiddagslyset» (2015–16) typisk. Lerretsflata er fylt av bygningar, eit solfylt landskap, silhuetten av ein mann. Kan hende vert det uroande vekt av fråværet av det vi kunne forvente i motiv som dette, noko som manglar? Samstundes kan eg ikkje setje fingeren på kva ein skulle tilføre for å dølje denne uroa.

Det gåtefulle

Korleis verka kan tolkast, er sanneleg ikkje godt å seie. Rickhard arbeider med tette utsnitt. Såleis kjem vi nært på, og det kjennest som det som hender i bilda, har noko med oss å gjere. Det er som om dei rikt detaljerte verka er fulle av spor som til saman dannar ei historie, men på same vis som i draumen heng dei ikkje heilt saman, og samanhengen glepp. Dette gåtefulle ved verka gjer at vi kjem attende til dei, gong på gong.

I kvar av utstillingssalane har museet valt å klistre små sitat frå kunstnaren på veggen. Dei kunne godt ha valt ut meir interessante tekstar, også monteringsmåten verkar underleg halvhjarta i møte med så grundig gjennomarbeidde verk som desse.

Sjølv om det er eit stort privilegium å sjå så mange arbeid av Rickhard samla, og eg har hatt fleire gjevande rundar i utstillinga allereie, må eg innrømme at utvalet av arbeid ikkje trefte meg heilt. Her var nokre arbeid som ikkje heilt var på høgda, og godt kunne vore sløyfa. Andre verk ville hatt godt av å få ein god del meir luft kring seg.

Det sterkaste av alle bilda eg såg i Trondheim Kunstmuseum, er dessutan det digre måleriet «Stort analytisk bilde i rødt – mellom konstruksjon og sammenbrudd» frå 1984–85, som er i museets eige. Verket heng underleg nok ikkje i utstillinga Før og etter solnedgang. Det er plassert i den faste utstillinga i 1. etasje og er ein godbit for den ekstra observante. Det er kanskje ikkje tilfeldig at det heng ved sidan av eit måleri av Edvard Munch?

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis