Kunst

Den pengelense galleristen

Originalen av Hans Dahl, «Jente med rive».
Originalen av Hans Dahl, «Jente med rive».
Publisert

For nokre dagar sidan stoppa spansk politi ein kunstforhandlar som ville selje tre falske verk. Han hevda at måleria var laga av dei verdskjende kunstnarane El Greco, Goya og Modigliani, og dei skulle omsetjast for den svimlande summen 12,5 millionar euro. Kunstforfalsking er eit aukande problem verda over. Også i Noreg dukkar slike saker jamleg opp, sjølv om prissetjinga er i ei anna klasse – men likevel lukrativt nok til å freiste.

I 2001 vart ein gallerist i Bergen dømd for sal av fleire falske måleri. I nærare ti år kjøpte han bilde av eldre og lite kjende kunstnarar, skrapa vekk signaturen og fekk ein amatørmålar til å måle over. Til slutt måla han signaturen til meir kjende kunstnarar nede ved ramma og selde måleria med stor forteneste frå eige galleri.

Han tok til å selje falske bilde i funklande gullrammer i 1993 og fekk halde på heilt uforstyrra fram til 1996. Då avslørte Nasjonalgalleriet heile ti falske måleri som var kjøpte frå han. Først tre år seinare vart saka etterforska. Han vart tiltalt for dokumentfalsk. I Bergen byrett vart galleristen i 2001 dømd til tre års fengsel, halvparten av straffa på vilkår med fire års prøvetid, og inndraging av 739.000 kroner. Han åtte sjølv fem av dei falske bilda, og desse vart overførte til samlinga i Justismuseet.

Eitt av bilda som vart lagde fram i den omfattande svindelsaka, var «Seilsjekte». Det er ei etterlikning av «Jente med rive» av Hardanger-målaren Hans Dahl (1849–1937). Det originale bildet heng i ei av stovene på Kviknes Hotel i Balestrand. Dahl måla mange variantar av dette motivet, så det var truleg freistande for svindlaren å få laga endå ein.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement