JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Burleske fabuleringar

Kunstuttrykka til Nathalie Djurberg og Hans Berg smeltar saman på ein måte som kan minne om operaane til Richard Wagner, der alle sansar vert sett i spel gjennom stemningsskapande element.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stillbilde frå dokkefilmen «Delights of an Undirected Mind», 2016

5973
20180112
5973
20180112

UTSTILLING

Nathalie Djurberg og Hans Berg:

Dark Side of the Moon

Stavanger kunstmuseum, 17. november 2017–18. mars 2018

I Stavanger kunstmuseum trer du inn i den forheksa verda til det svenske kunstnarparet Nathalie Djurberg (f. 1978) og Hans Berg (f.1978). Dark Side of the Moon består av ni digre arbeid, og er den mest omfattande utstillinga som har vore vist i Noreg. Museet har gjeve utstillinga stor plass, og det treng ho. Stavanger kunstmuseum er eit museum som kler ei utstilling som dette, med god takhøgd og store, opne areal.

Som ung eksperimenterte Nathalie Djurberg med fleire kunstartar, men fann først vegen sin då ho oppdaga dokkefilmen. I 2004 begynte samarbeidet med komponisten og musikaren Hans Berg, som kom til å setje sterkt preg på kunsten hennar. Djurberg formar dokker i eit naivt formspråk, og nyttar dei til å bygge opp komplekse, surrealistiske historier med uhyggelege, brutale og erotiske trekk, og Berg komponerer og framfører lydspora til verka. Under den anerkjende Venezia-biennalen i 2009 fekk kunstnarane sølvløva for beste unge og lovande kunstnarskap. Sidan den gong har dei fått stor merksemd.

Symbiosar

Installasjonar, dokkefilmar, teiknefilmar og lydkunst er sett saman til ei storslagen og frodig sanseoppleving. Kunstuttrykka til Djurberg og Berg smeltar saman på ein måte som kan minne om operaane til Richard Wagner. I Wagners operaar skulle alle sansane setjast i spel gjennom stemningsskapande element som mørke teater, lyd- og lyseffektar for å få tilskodarane til å bli oppslukte av dramaet på scena. Også i Dark Side of the Moon er slike verkemiddel nytta til det fulle.

Det første som møter oss når vi kjem inn døra, er dei heftige og suggererande rytmane til Hans Berg. Den elektroniske musikken flyt saman med svære teiknefilmar av bølgande strekar i lysande fargar. Teiknefilmane dekker heile veggflater. Her brusar eit fossefall frå tak til golv. Dropane dansar nedover den bratte fjellsida til fossen går tom for vatn, deretter flyt væska opp att. Verket dannar såleis eit eige, lukka krinslaup. Vi har kome inn i eit univers der naturlovene er oppheva, etter kvart vil vi sjå at også dei menneskeskapte lovene vaklar.

Løyndomsfull krukke

Det vakraste av verka i utstillinga består av ti midjehøge keramiske krukker. Når du kikar ned i krukkene, møter du teiknefilmar av linjer som bølgar seg over ei nattsvart flate. Kvar krukke viser ein film med eit eige lydspor. Lyden får ein praktfull resonans frå dei keramiske veggane, og tilfører dei små filmane ein heilt eigen atmosfære. Filmane viser funklande dropar av ulike typar væske. I éin film vert ei såpe løyst opp, i ein annan strøymer ei væske ut og inn av ein kaffikjele. Dei leikne, muntre formasjonane glir saman med musikken i ein meditativ, nærast hypnotiserande tilstand. Det er spennande å gå frå krukke til krukke for å avdekke kva dei løyner.

Den magiske hagen

Deretter kjem ein inn i ein sal fylt av svære blomar i ein magisk hage, som gjev oss kjensla av at vi er blitt små på same vis som Alice i eventyrverda. Hagen er ei omarbeiding av utstillinga dei stilte ut i Venezia i 2009. På veggen over blomane vert det spelt av ein dokkefilm av to frøkner på ein balkong. Djurberg lagar alle filmane heime, og på gamlemåten. Figurane er av silikon og plastilin, der ho flytter figurane ørlite for kvar gong ho knipsar eit bilete av dei. Når ho set saman bileta til film, beveger figurane seg. Dette er ein svært tidkrevjande teknikk, og det er imponerande kor raus kunstnaren er med detaljar.

Det er i det heile slik enorm innsats som er lagt i utføringa av verka i utstillinga, at ein kan verte heilt matt. Medan animasjonsfilmar gjerne har lange rulletekstar som listar opp aktørane, er alt laga av Djurberg åleine. I filmen vert vi kjende med to unge damer i staselege barokke klede. På ein humoristisk måte fortel kunstnarane om ei keitete, desperat forføring som slår feil. Det erotiske – nærast pornografiske – vert balansert med at figurane er utforma på ein avvæpnande søt måte.

Den mørke månesida

Dette søte og uskuldige ved formspråket vert endå viktigare i dei tre andre dokkefilmane i utstillinga. I Delights of an Undirected mind er scena lagd til eit barnerom. På same vis som i tradisjonelle animasjonsfilmar for barn får leikene liv i Djurbergs film, og figurar frå eventyra kjem på besøk. Men den surrealistiske handlinga glir raskt over i eit forvirrande mareritt der normer er i full oppløysing. Burleske scener flyt over i kvarandre. I éin sekvens har ulven frå Raudhette fått på seg nattkjolen til bestemor og onanerer på barnesenga. Seinare set han tennene i rumpa på ein figur frå My Little Pony.

I filmen Worship møter vi kvinner som gnir seg mot gigantiske bananar og halvnakne tøffingar med stor sykkel og mykje bling, med tydelege referansar til musikkvideoar som gjerne har dette sjølvnytande formspråket. Det heile er overdrive på ein slik måte at det også vert komisk. Det vert heretter vanskeleg å sjå musikkvideoar utan eit lite smil om munnen.

I den tredje filmen, Dark side of the Moon, spring Raudhette gjennom ein uhyggeleg skog, men kjem til låst dør og må handtere udyra på eiga hand. Utstillinga er kalla opp etter denne filmen. Tittelen er samstundes ei heidring av Pink Floyds meisterverk frå 1973. Ein bør likevel ikkje henge seg for mykje opp i rockebandet, men heller ha med seg opplevinga av å hamne på den mørke sida av månen, inn i det umedvitne.

Bruken av dokkefilm gjev kunstnarane fridom til å eksperimentere på ein heilt annan måte enn gjennom vanleg film. Dokkefilmane er utforskingar av tema som er svært samfunnsaktuelle: skam, skamløyse, attrå, maktmisbruk og ikkje minst narsissisme. Djurberg og Berg har lukkast godt med å gje nye og nyttige perspektiv på tida vi lever i.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis