Å smykke seg med kunst
Tone Vigeland (f. 1938) er ei av verdas fremste nolevande smykkekunstnarar.
Du finn arbeida hennar i samlingar
verda over.
Øyresmykket «Slynge», sølv, 1957. Utført ved PLUS i Fredrikstad.
Utstilling
Tone Vigeland:
Retrospektiv
Nordenfjeldske Kunst-
industrimuseum, Trondheim
26. januar – 1. april
Det flyt tjukt kunstnarblod gjennom årene hennar. Faren Per Vigeland og farfaren Emmanuel var målarar, medan sjølvaste Gustav Vigeland, kjend for Frognerparken, var grandonkelen hennar. Internasjonalt sett overstig Tone Vigeland dei alle.
Nordenfjeldske Kunst-industrimuseum fyller 125 år og startar jubileumsåret med ei storslagen mønstring av kunsten hennar. Utstillinga er laga i samarbeid med Die Neue Sammlung ved Pinakothek der Moderne i München. Utstillinga vart vist i München våren 2017. I Trondheim er utstillinga utvida med ytterlegare arbeid frå eiga samling, i tillegg til ein heilt ny installasjon som vart ferdig berre dagar før utstillinga opna.
Tidleg suksess
Vigeland fekk tidleg suksess. Berre 17 år gamal utforma ho øyresmykket «Slynge», som vert festa til øyret utan skruar. Smykket vart vist fram på elevutstillinga ved Oslo yrkesskoles gullsmedlinje, og fleire dører opna seg i rask rekkefølge. Tidleg suksess er ein farleg ting, det er lett å hamne i eit spor og stivne. Slik er det ikkje med Tone Vigeland. Då som no – ho går heile tida vidare. Gjerne med radikale brot, det dukkar stadig opp nyvinningar som slår an internasjonalt. No er ho 80 år, men framleis like kompromisslaus på kvaliteten. Den retrospektive utstillinga viser ei kunstnarleg utvikling som er sjeldan å sjå.
Ein eigen venleik
Museet har laga ei rein og sober utstilling. Kvar monter er svært godt lyssett, noko som er heilt avgjerande for opplevinga av form og fargespel. Smykka er sirleg danderte, dei små detaljane i smykka er rydda på plass med pinsett for å framheve det stramme, reine uttrykket som er så sentralt i kunsten til Vigeland.
Vi bevegar oss nedover radene med montrar og får ta del i eit kunstprosjekt som strekker seg over meir enn 60 år. Vigeland har eit kunstnarskap som blenkjer i vare nyansar i sølv. Det er fascinerande å sjå korleis ho utforskar kva potensial som ligg i materialet. Ho har eit handverk som er svært solid, det er nesten uhyggeleg å sjå presisjonen som ligg i kvart smykke. Nokre av verka som gjer sterkast inntrykk, er bygde opp av ørsmå ringar, som små brynjer, til halsband og armband. Dei små elementa er bygde saman i rytmiske gjentakingar til ei rik form, eit mangfald av detaljar som går saman i ein heilskap. Verka hennar har alltid ei samla, sterk og rein form. Smykka hennar er så underleg tidlause, dei har ein klang av noko arkaisk, frå eldre norrøn tid, så vel som frå austleg smykkekunst, og samstundes er dei nyskapningar, noko som ikkje var sett før ho laga det. Verka har ein eigen venleik, dei er monumentale og overdådige og likevel så enkle.
Ein treng slett ikkje vere oppteken av smykke for å få stort utbytte her. Objekta har sterke kvalitetar som skulpturelle former, med estetiske kvalitetar som kan nytast utan tanke på funksjon.
Kvar er kroppen?
Faktisk er bruksaspektet heilt fråverande i utstillinga. Særleg med smykke som dette, som i slik grad er skapte for å forme seg etter ein kropp, saknar ein denne dimensjonen. Ein kan grunne over kva som er den eigentlege forma til smykka – er det det vi ser i montrane, på ei byste eller på ei kvinne av kjøt og blod?
For desse arbeida er på mange måtar omskiftelege, dei føyer seg etter beraren av smykka, eller monteren det er lagt i. Såleis har dei inga statisk form, men vil vere i evig rørsle, i ulike omgjevnader, sett frå ulike vinklar. Dei fungerer som rundskulpturar, som ein lang happening.
Sjølv om eg saknar dette elementet, ser eg at det er vanskeleg å vise fram denne sida utan å forstyrre heilskapen. I staden må vi ta fantasien til hjelp.
Installasjon
Karakteristisk for gode kunstnarar bevegar dei seg mot eit stadig enklare uttrykk. På 90-talet tok Vigeland endåtil steget ut av smykkekunsten for å arbeide med romlege objekt. Av desse er det det nyaste arbeidet hennar som gjer sterkast inntrykk.
Vigeland har utforma ein installasjon spesielt for Lillesalen ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Her heng stålstenger frå taket, alle forsynte med tynne, bølgjande ståltrådar. Verket er uråd å ta bilete av, det må opplevast. Verket krev at du går kring det, utforskar det. Verket er meisterleg lyssett og funklar muntert mot oss på ulike måtar etter kvar vi ser det frå. Når ein stig inn i rommet, vert ein møtt av eit kvervlande sukkerspinn av sølvskimrande trådar, men ser ein verket frå sida, samlar dei seg på forunderleg vis elegant i velordna rader.
Det kroppslege som var sakna i den andre delen av utstillinga, kjem med i full monn her. Når det er fleire personar i rommet, og du ser dei gjennom installasjonen, vert dei omslutta av trådar. Det er som om installasjonen vert eit romsmykke som prydar dei som er i rommet. Men berre der og då, i ein flyktig og eksklusiv augneblink. Eg har sjeldan sett ein så slåande fager installasjon.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?