Kunst landet rundt
«Troløse bilder
– Kunstnerisk praksis i bildets tidsalder»
Nasjonalgalleriet
10. februar–13. mai
Er vi som publikum blitt så vande til at bilde ikkje viser sanninga eller røyndommen, at vi er blitt immune? Og kva rolle har kunsten fått i vår tid? «Troløse bilder» består av arbeid av 40 nasjonale og internasjonale kunstnarar frå dei siste 40 åra. Utstillinga set mellom anna lys på kva rolle kunsten kan ta i dag. Utstillinga er vist i Nasjonalgalleriet. Nasjonalmuseet har ikkje noko fast lokale for samtidskunst før det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen er ferdig om to år.
«Jeg hører deg»
Kunstmuseet Nord-Trøndelag, Namsos
3. mars–31. mai
Museet markerer 30-årsjubileum med brask og bram. Utstillinga «Jeg hører deg» viser verk av samtidskunstnarar i møte med kunstnarskapet og biografien til Johannes Rian (1891–1981) frå Overhalla i Namdalen. Resultatet er så frodig og spenstig at det er vel verdt ein tur til Namsos.
«Det som var»
Anita Hanch-Hansen
Kraft, Bergen
23. mars–13. mai
Anita Hanch-Hansen viser verk i leire. Ho presser teknikken, og ser på kor langt ein kan strekke og tøye materialet før det går i oppløysing. Resultatet er nokre særprega skulpturelle former som ber tydelege preg etter tilverknaden. Tynne, nærmast flakdelte strukturar krøllar seg om kvarandre og dannar kompakte objekt.
«Fanesak»
Telemarksgalleriet, Notodden
18. mars– 3. mai
I førre hundreåret hadde fanene stor symbolverdi, ikkje minst for fagforeiningane. Dette var også svært kostbare tekstilar, som ein tok godt vare på gjennom tiåra. Gruppeutstillinga «Fanesak» viser tekstilarbeid av kvinnelege kunstnarar som gjennom form, materiale og uttrykk skaper assosiasjonar til faner og protestbanner. Utstillinga set fokus på ei av dei største fanesakene på 1900-talet, nemleg kampen for åttetimarsdagen, så vel som kampen kvinnelege kunstnarar har hatt for å få anerkjenning og respekt.
Lola Álvarez Bravo
Preus museum, Horten
18. mars–2. september
Fotokunstnaren Lola Álvarez Bravo (1903-93) var ein nøkkelfigur i meksikansk samtidskunst. Etter revolusjonen i 1910–20 i Mexico vaks det fram eit blomstrande kunstmiljø. Bravo er mellom anna kjend for dei nære og sterke portretta av den meksikanske målaren Frida Kahlo. Arbeida til Bravo er stemningsfulle og kjærlege skildringar av det meksikanske kvardagslivet i ei endringstid. I fotografia hennar møter vi bymenneske og bønder i kvardagslege situasjonar, medan dei arbeider, leikar eller kviler seg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.