Kunst

Kroppsleg, kraftfullt og krevjande

Sidan 2013 har kunstmuseet vist Lorck Schive kunstpris – ei av dei best betalte prisutstillingane i Europa. I år tek dei fire utstillarane på kvar sitt vis pulsen på tida vi lever i.

Marthe Ramm Fortun: frå happeningen «Musevisa».
Publisert Sist oppdatert

I år gjekk den gjæve førsteprisen på 500.000 kroner til Silje Linge Haaland. Ho viser ein dystopisk installasjon som strekkjer seg over to salar, som to satsar i ein komposisjon. Den eine salen er fylt med skogsvegetasjon. Eit langt, smalt bjørketre ligg diagonalt over det meste av golvflata. Såleis må vi trø varsamt for å ikkje øydeleggje det. Langs veggene står sarte gjenstandar som kan velte. Dette gjer at ein må sjå seg for, bevege seg varsamt. Såleis sansar ein gjenstandane på ein heilt annan måte.

Alle vekstane er delvis dekte med plaststoffet epoksy. Dette er tilsynelatande gjort for å bevare plantane. Men bevaringa er mislukka, plantane visnar og forvitrar frå veke til veke. I staden for å løyse eit problem har plastbruken forverra miljøet. Denne panikkarta sølinga over vekstane vert ein hjarteskjerande kommentar til dei mislykka miljøtiltaka som pregar tida vår. Ironien vert understreka av verkstittelen «Til ungane: me heller lim over plantene for at dei skal bli verande hos dåke».

Videobrev

I det andre rommet ruvar den digre videoinstallasjonen «Til korleis skal me bli (eit videobrev frå 2025)».

Fleire av filmsnuttane er utforma med hjelp frå ein KI-generator, som Silje Linge Haaland lét springe løpsk. Ut frå skjermane veltar kaotiske og forvirrande hendingar fram. Måten Haaland har brukt kunstig intelligens på, får det menneskelege til å forvitre til eit surrealistisk vanvit.

Den kalde, maskinelle estetikken står i kontrast til dei organiske vekstane i det første rommet. Saman utgjer verka ein kraftfull, men forstyrrande kommentar til måten vi stakar opp vegen framover på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement