Musikk
Kreativt frå Portugal
Hugo Carvalhais lagar ein spesiell miks av elektronikk og akustiske instrument.
Den portugisiske bassisten, komponisten og orkesterleiaren Hugo Carvalhais har sidan 2010 gjeve ut fire plater på Clean Feed.
Alt med debuten Nebulosa vekte Carvalhais oppsikt, og i dag er han rekna som ein av dei mest markante på den portugisiske jazzscenen.Trommeslagaren Mário Costa og pianisten Gabriel Pinto har Carvalhais hatt eit triosamarbeid med i over ti år, og med den franske saksofonisten Emilie Parisien har han hatt ei mest like lang fartstid.
Logisk og levande
Musikken til Carvalhais hentar impulsar frå mange retningar innan den moderne jazzen. Han føyer saman element som i hendene på mindre samspelte musikarar ville blitt uorganiske fragment, men sekstetten gjer musikken både logisk og levande. Også Carvalhais har oppdaga moglegheitene som ligg i arsenalet av analoge tangentinstrument.
På opningssporet «Organum» er han tydeleg inspirert av tidleg Weather Report/ Miroslav Vitous, men også på fleire andre komposisjonar kombinerer han eit rastlaust komp med lyriske, lange linjer hjå blåsarane og ei diffus fargelegging frå Pintos side.
«Neural Flandres» og «Ora-
torium» er meir gjennomarbeidde komposisjonar, medan andre låtar er springbrett til lengre improvisatoriske sekvensar, og godt er det når ein har solistar som Parisien og Mockunas med på laget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.