Musikk

Kontinentaltrioar

Christian Sindings potente patos og stadige påfyll av energi trøyttar øyro.

Christian Sinding (t.v.) på eit gruppebilete med Gunnar Heiberg og Knut Hamsun (t.h.), måla av Henrik Lund i 1926.
Publisert

Om me ser bort frå Ole Bull, som jo fyrst og fremst var fiolinist, har me eigentleg berre hatt tre komponistar med verkeleg gjennomslagskraft i det tyskprega kulturområdet som før blei kalla Sentral-Europa. Johan Svendsen er den eldste, Edvard Grieg den mest kjende – og Christian Sinding (1856–1941) den mest gløymde.

Sinding, den fyrste som fekk Grotten som æresbustad, er i dag mest borte frå konsertrepertoaret – med unntak av det verdskjente enkeltklaverstykket Frühlingsrauschen (Vårbrus). Dette har to hovudgrunnar, den eine estetisk og den andre politisk. Han gav aldri slepp på den seinromantiske stilen han tileigna seg i studietida i München og Leipzig i andre helvta av 1800-talet, og til skilnad frå Svendsen og Grieg nytta han seg heller ikkje av norsk folkemusikk. Tilsynelatande var han immun mot modernistiske impulsar. I mellomkrigsåra blei han difor noko av ein anakronisme i musikklivet.

Nazisympatiar er den andre hovudgrunnen til gløymsla. Han rakk å melda seg inn i NS året før han døydde i 1941, og gjennom det nazifiserte NRK fremja han okkupantane sin kulturpolitikk. Damnatio memoriae var den romerske praksisen med å viska ut minnet om ein diskreditert person i ålmenta. Dette blei Sindings lagnad då freden kom.

Tre trioar

Pianisten Hagen Schwarzrock, fiolinisten Oliver Kipp og cellisten Katharina Troe ynskjer seg ein Sinding-renessanse. Saman utgjer dei Hyperion Trio, med mange innspelingar av tyske romantikarar bak seg. Det nye dobbeltalbumet deira byr på tre klavertrioar og eit knippe stykke for cello og klaver – alt komponert mellom 1893 og 1909. Plata stadfestar biletet av Sinding som «kulturtyskar», for musikken er ganske fri for det tyskarane kallar nordischer Ton.

Omstendeleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement