Musikk

Kjølig på norsk

Amalie Holt Kleive gjer elektronisk pop til noko stillare og meir romleg enn sjangeren tilseier.

Dei mange laga av vokal får Kleive til nærast å bli eit eige instrument.
Publisert Sist oppdatert

Som Symre er Amalie Holt Kleive frå Telemark, men nærare bestemt Porsgrunn, og med ein bachelor i jazzsong ved Griegakademiet i Bergen. Likevel er jazz langt frå det fyrste ein tenkjer når ein høyrer ho.

31-åringen plasserer seg ein stad mellom Bertine Zetlitzs kjølige elektroniske popsongar og Tracey Thorns dempa, intime røyst i Everything but the Girl. Altså elektronisk pop som ikkje blir så heftig at han blir energisk og dansbar. Som nyttar elektronikken til å skape kjensler. Berre på norsk.

Det er sjølvsagt litt pussig å kalle ei innspeling med elektroniske instrument og synthdriven energi for organisk. Røysta, eller røystene, er det som gjer Vi er de evige. Dei mange laga av vokal får Kleiva til nærast å bli eit eige instrument. Klangen og presisjonen i dei røystdrivne akkordane er storveges og romleg.

Tekstane kan til tider verte noko kjølige. Vel så mykje fordi ho syng på eit glasklart, effektivt austlandsk. Ingen fraseringar eller formuleringar gøymer seg i produksjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement