Musikk

Kid A då og no

Musikken og kunsten Radiohead laga rundt tusenårsskiftet held fram med å engasjere og fascinere.

Bilete frå den «interaktive» utstillinga på nettet.
Bilete frå den «interaktive» utstillinga på nettet.
Publisert

Kan du sjå ein bestemt farge når du lyttar til eit stykke musikk? Eller ei form, ei rørsle, noko visuelt? Det kan Thom Yorke, forklarar han BBC-programverten Lauren Laverne, i ei utgåve av podkasten Desert Island Discs. «I see things», seier Yorke. «I can see it in my head, that’s normal, right

Tilfellet ville ha det til at eg sat med ei ny bok i hendene då ein venn tipsa meg om dette radioopptaket for eit par veker sidan, få dagar etter at Yorke og The Smile vitja Sentrum Scene i Oslo. Kid A Mnesia: A Book of Radiohead Artwork dokumenterer korleis Yorke og kunstnaren Stanley Donwood har gitt form til ein eigen visuell kultur som omgir Radioheads musikk, og då særleg platene Kid A (2000) og Amnesiac (2001), som bandet det siste året har løfta fram med den utvida samleutgivinga Kid A Mnesia (2021).

Det var i arbeidet med desse platene, som følgde den kritiske og kommersielle suksessen med OK Computer (1997), at tankane og kjenslene som ligg bak musikken, også fekk uttrykk på tvers av ulike estetiske uttrykksformer, og særleg i eit rikt visuelt materiale som omfattar store måleri, skribleri, ulike fanzineaktige klipp-og-lim-montasjar og store digitale landskap. Å bla i Kid A Mnesia: A Book of Radiohead Artwork er å finne ein ny veg tilbake inn i musikken – boka både utdjupar stemningane som kviler i albuma, og tilfører noko eige.

Estetisk tilsvar

Kanskje var det med dei tre nemnde platene at Yorke og gjengen best i ord og tone skildra korleis det var å vere menneske – i alle fall i nokre delar av verda – rundt tusenårsskiftet, i eit slags estetisk tilsvar til det den polske filosofen Zygmunt Bauman kalla «flytande modernitet». (Baumans Liquid Modernity (2000) kom ut på norsk med tittelen Flytende modernitet i 2001.)

Kid A er både eit sterkt tidsbilete og aktuell to tiår seinare, noko som er reflektert i ein vedvarande fortolkingsaktivitet, som i Marvin Lins vesle bok om plata i bokserien 33 1/3 (2010) og særleg Steven Hydens heilt framifrå This Isn’t Happening: Radiohead’s Kid A (2020).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement