Bok

Kåt og aleine

Mühleisens roman tar opp tabuiserte tema utan å lykkast heilt litterært.

Wenche Mühleisen tek modig opp tabutema.
Wenche Mühleisen tek modig opp tabutema.Wenche Mühleisen tek modig opp tabutema.
Publisert

Roman

Norsk-austerrikske Wencke Mühleisen har gjort seg kjend i den norske ålmenta på mangslunge og uredd vis gjennom fleire tiår, mellom anna som performancekunstnar og som kjønnsforskar. Dei siste åra har ho flytta ein del av forskinga over i fiksjonsprosaen og fått mykje åtgaum for bøkene sine. Denne siste utgivinga har ein aktuell og interessant tematikk, men lykkast berre delvis som roman.

Når begjæret dør

Erika og Jan har vore saman sidan dei var nitten år, no er dei midt i sekstiåra. For mange år sidan var Erika utru mot Jan. Dette oppdaga Jan, og det førte til ei krise i samlivet. Dei kom seg vidare, men sexlivet har i mange år vore labert. Erika saknar erotikken sterkt. Ho trur Jan gjer det same, men at han har nokre stengsler i seg som gjer det vanskeleg å opne opp. På ei feriereise til Trieste i Italia forsøker Erika å ta opp problemet i håp om at dei endeleg skal kome nærare kvarandre igjen. Det motsette skjer: Jan kan fortelje at han slett ikkje lever eit sexlaust liv. Han har ei anna dame, ei yngre elskarinne. Erika går i svart.

Dette hender tidleg i romanen, og resten av teksten er vigd Erikas sjalu fantasiar kring forholdet til Jan og den yngre Marie – og særleg det seksuelle. Som det opplyste paret Jan og Erika er, oppsøkjer dei parterapi, utan at det hjelper nemneverdig – i alle fall ikkje til å byrje med.

Modige Mühleisen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement