Kast deg utiDikta til Hånes er ikkje heilt språkleg forløyste.DIKTØivind Hånes:Tanken på det pelagiske
Dikta til Hånes er ikkje heilt språkleg forløyste.
Øivind Hånes har gjeve ut si andre diktsamling.Øivind Hånes har gjeve ut si andre diktsamling.
Foto: Knut BryFoto: Knut Bry
DIKT
Pelagisk vert nytta som nemning for organismar som lever i dei frie vassmassane i hav eller innsjøar. Øivind Hånes, som mellom anna vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Pirolene i Benidorm (2005), presenterer i årets diktbok lesaren for to teksttypar som vekslar gjennom diktboka.
Den eine typen tekst er skriven i prosalyrisk form, og han tek – punktvis og i delar – for seg kroppen. Gjennom å trekkje ei line mellom dei anatomiske punktnedslaga skildrar Hånes ein kropp og eit møte, kanskje også ei åtskiljing, mellom to menneske.
Den andre teksttypen er sett opp som dikt, og tek utgangspunkt i ein person som slepper seg ut i vatnet. I selskap med ein sardinstim vert han ført ikring i det store verdsoseanet, frå dei øvste sjikta nedover til dei mørkaste havdjupa.
Pust, puls og rytme
Sidan tekstane skiftar på å zoome inn på ulike kroppsdelar og zoome ut i havet, får komposisjonen pust, puls og rytme. Kontrapunktisk brukar poeten prosalyrikken til å skildre punktet, og diktet til å skildre dei store linene. At det analytiske blikket ein finn i dei prosaliknande tekstane, vert konfrontert med eit meir holistisk, heilskapleg blikk i dikttekstane, kan lesast som ein kritikk av eit vitskapleg detaljerande blikk som til dømes er blindt for dei større klimasamanhengane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.