Musikk
Kartet og terrenget
Hurray for the Riff Raff legg ut på livets landeveg.
Alynda Segarra er ein framifrå låtskrivar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Tommy Kha
Kan ein song vere eit trygt rom? Målet var i alle fall å skape akkurat det då Alynda Segarra skreiv «Colossus of Roads», eit av fleire høgdepunkt på det nye albumet med den passande tittelen The Past is Still Alive: å dikte fram ein plass som kanskje ikkje finst i røynda, men i ei delt førestellingsverd, i form av ein låt – der allslags menneske som ser seg sjølv som annleis, som outsiderar, kan vere trygge saman.
Markant ytring
Eit slikt rom er det bruk for. Songen vart til etter den anti-LGBT-motiverte masseskytinga på ein bar i Colorado Springs hausten 2022, og er ei markant ytring frå den skeive transpersonen Segarra. «Colossus of Roads» har ei slags stillegåande, men sterkt mobiliserande kraft, med sine stemningsskildringar og samlande referansar, og er kledd i milde, listande countrytonar, noko som ikkje minst kjem fram i Phil Cooks fine dobrospel.
«Colossus of Roads» er fjerde spor på ei plate som vert omtalt som «ein ny start» for Segarra og bandprosjektet Hurray for the Riff Raff, som eg har skrive om fleire gonger før på desse sidene, sist med naturpønk-albumet Life on Earth (2022), og før det, då kanonplata The Navigator såg dagens lys i 2017. Sistnemnde utgiving inneheldt ein av mine absolutte favorittlåtar av Segarra, den storslegne «Pa’lante», som av openberre grunnar vart noko av ein kampsong i Trump-åra som skulle følgje (ta ein lytt!).
The Past Is Still Alive, som er dedisert til artistens far, vert omtala som både memoar og vegkart, og tek lyttaren med gjennom eit mangefasettert, men distinkt amerikansk landskap, der Nebraska, New York (der Segarra vaks opp), Florida og Santa Fe er mellom stoppestadene. Der blikket på Life on Earth var retta mot det kollektive, globale og politiske, er det i desse nye songane meir tydeleg retta innover, mot individet og minnet, og dei vegane livet kan føre ein på.
Framifrå låtskrivar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.