Riding på kamel i Finnmark
Sjåverdig dokumentar om kamelar og barndom.
Søskena Torarin og Svalin prøver å få skikk på dei baktriske kamelane Bor og Bestla.
Foto: Karl E. Rikardsen
Dokumentar
Regi: Karl Emil
Rikardsen
Kamel
Med: Torarin Sætereng, Svalin Sætereng, Øystein Sætereng
Ni år gamle Torarin Sætereng og storesyster Svalin ynskte seg ein hest. Dei fekk i staden to baktriske – mongolske – kamelar. Dette er ramma for den vesle dokumentarfilmen Kamel.
Over fire år har filskapar Karl Emil Rikardsen følgt familien Sætereng, som bur på Sørøya utanfor Hammerfest. Det er ein lun feel-good dokumentar, skjønt ikkje heilt utan dramatikk, om ein motstraums familie, busett avsidesliggande og med eit spesielt prosjekt: Draumen om å drive kamelriding og kameloppdrett der ingen skulle tru at kamelar kunne bu.
I løpet av ein time og femten minutt tar filmen oss frå Finnmark til Mongolia og tilbake att. Familien dreg nemleg til det enorme steppe- og ørkenlandet for å sjå korleis kamelar blir temde. Her møter dei Adiya, ein ung mann med over 100 kamelar, som dei får lokka til Sørøya for å temme kamelane Bor og Bestla. Det skal ikkje bli så enkelt.
Her kjem filmens største kjernepunkt til uttrykk: Korleis handsamar vi dyr? Det er ei verdifull påminning i vår tid. Bor og Bestla er for familien Sætereng kjæledyr. Og særleg Torarin reagerer på den tilsynelatande brutale måten Adiya og mongolane temmer kamelane. Samtidig er filmen aldri moraliserande på dette punktet. Det er framfor alt fascinerande å sjå den sterke kamelkulturen i Mongolia, prega av kunnskap, stoltheit og tradisjon.
Kamel er eit fint portrett av barndom og familieliv, særleg tilhøvet mellom Torarin og far Øystein. Torarins forteljarstemme kjennest i visse parti litt vel konstruert og unødvendig; likevel er den barnlege vinklinga eit riktig val. Dette er også ein estetisk vakker film, med behagelege fargetonar, som verkeleg nyttar dei naturskjønne omgjevnadene, både på Sørøya og det meir måneaktige mongolske landskapet.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.