Film

Innsikt med ansikt

Den berømte jordklodefotografen Yann Arthus-Bertrand viser fram halve verdas befolkning på vakkert vis.

Yann Arthus-Bertrand har fotografert kvinner frå 50 land.
Yann Arthus-Bertrand har fotografert kvinner frå 50 land.
Publisert

Som i førre portrettfilmen, Human, tek fotograf Yann Arthus-Bertrand for seg ansikt som fortel om kjensler, kultur og lagnader. I Woman har han og medregissør Mikova intervjua to tusen kvinner frå femti ulike land. Her er inga historie, men dei ulike kvinnestemmene formidlar noko kanskje endå viktigare – eit inntrykk av at me alle er del av same flokk, samtidig som me alle er enkeltindivid.

Meditasjon

Det er noko avslappande med berre å sjå fjes etter fjes på lerretet, høyra dei små utsnitta av andre liv, gjenkjenneleg og unikt på ein gong. Det kunne vorte masete, det kunne vorte kjedeleg, men med rette innstilling, og det må faktisk til for såpass meditativt materiale, senkar skuldrene seg, og inntrykka får koma uavbrotne. Visst er det overgrepshistorier og skildringar av urett som skjer med menneske av den enkle grunn at dei er kvinner, men Woman er mykje meir enn det. For den som tenkjer at slike filmar gidd eg ikkje sjå, la meg i det minste prøva å overtyda deg om at filmen til sjuande og sist er opplyftande, vakker og ikkje minst: balsam for auga. Og lukke til med å halda tårene unna på eit eller anna tidspunkt.

Kvinnedagsfilm

Det gjer mest inntrykk på meg når kvinner frå delar av verda eg ikkje har så god kjennskap til, frå landsbygder i Afrika eller slummen i India, fortel om korleis dei ser på det å vera kvinne. Den styrken dei ser i kvinnene trass i gjerne marginalisert status i mannsdominerte samfunn, minner meg om at feminisme ikkje er opplært eller eit i-landsfenomen: Urett kjenner ein att, same kor lite utdanning eller lover ein har. Eg synest ikkje Woman er like god som Human, men det har nok mykje med at dei majestetiske naturbileta som sistnemnde fløymde over av, her er erstatta av situasjonsbilete i tillegg til ansiktsportretta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement