Litteratur
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Olav H. Hauge-dagbøkene
3. august 1959
Kafkas Tagebu↔cher er drjug lesnad, men forvitneleg, ser eg. Endå drjugare er samla verki til Nietzsche, som eg no har fenge. Fyrr har eg berre ått Thus Spoke Zarathustra i engelsk umsetjing, – den fekk eg tak i hjå Edmund morbror då eg var 18 år, – og dikti hans.
Eg er no for gamal til å gå laus på ein slik forfattar, men det er gildt å ha verki hans, so ein kan slå upp og lesa når ein ser dei viser til han, og det gjer dei ofte, ser eg.
Forresten er eg ikkje so sikker på det, eg kjem venteleg til å lesa i dei, for eg ser det er forvitneleg og herleg lesnad. Eg kan ikkje skyna at nokon kan få tid til å skriva so mykje um so vanskelege og tunge ting! Skral helse hadde han òg.
Det lyt vera vilje attum! Og hard sjølvtukt! Sikkert leve-reglar etter buddhistisk klosteruppskrift, vanleg borgarlevevis kan ikkje slike menn ha. Arbeid! Tidleg og seint!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.