Bok
Hundre års råskap
Nino Haratischwili gir oss ei sterkt krydra soge om Georgia.
Dramatikar og forfattar Nino Haratischwili er fødd i Tblisi i Georgia, bur i Tyskland og skriv på både georgisk og tysk.
Foto: G2 Baraniak
Kva veit vi om Georgia? Kanskje at det var her Josef Stalin kom frå, at det ligg naturskjønt til mellom Svartehavet og dei høge fjella i Kaukasus, men har problem med etniske konfliktar og fattigdom?
Leo Tolstoj, som òg skreiv lange romanar, ville skrive storverket Krig og fred om samtida, men oppdaga at for å skjøne Krimkrigen, måtte han gå attende til tidlegare opprør på 1900-talet – og for å gjere det, måtte han skildre napoleonskrigane og så bortetter.
Visstnok skal det ha vore på same måte for Nino Haratischwili, som ville skrive om korleis det var å vekse opp på det postsovjetiske 1990-talet. Ho måtte søkje langt attende i historia for å gi ei rett skildring av omstende og hendingar. Resultatet er ein roman på 1150 sider som lærte meg mykje om både Georgia og Sovjetunionen.
Eit raudt hundreår
Ordet «reise» er blitt ein klisjé, men passar her: Å lese Det åttende livet er å leggje ut på ei lang reise. Ein kjem att sliten, men med ei mengde nye innsikter – og med rike sanseinntrykk, av smakar, lukter og både spektakulære og skremmande syn.
Handlinga spelar seg ut gjennom drygt hundre år og seks generasjonar. Ho er komponert som ei forteljing frå Nitsa Jasji til niesa Brilka. Nitsa vil innvie Brilka i den trøblete og løyndomsfulle familiesoga, som er samanvoven med Georgias historie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.