Musikk
Hummar og kanari
Maria Kannegaard og Thomas Strønen har gjeve ut den mest overraskande plata i 2025.
Maria Kannegaard og Thomas Strønen.
Foto: Ole Morten Vågan
Eg trur knapt at forventningane mine har gått i så feil lei nokosinne. Med CD-en i handa og ingen bakgrunnsinformasjon trudde eg at eg skulle få høyra noko heilt anna. Musikken blei såleis ei sjokkarta oppleving. Presseskrivet gav bakgrunn, og bitane fall på plass, men dette er likevel ei spesiell oppleving. Det første «sjokket» er avløyst av ein ambivalens – store delar av stoffet er fascinerande, medan andre delar er berre rare.
Musikken, som byggjer på eit verk skrive i 2010 til ei danseframsyning på Den Norske Opera & Ballett, er til tider påtrengjande ekstrovert og med ein synth- og elektronikkbruk som plasserer musikken attende i dei dubiøse 1980-åra. Dette er likevel berre éi side ved «verket». Thomas Strønen forsyner delar av musikken med ein afrikansk inspirert rytmikk som er eit kjærkome ankerfeste. Han lèt desse to elementa bryna seg mot kvarandre. Ein annan akse er representert ved Tuva Syvertsen, både den særmerkte vokalstilen hennar og dei spesielle tekstane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.