Hovudet under vatn
USA og Russland hamnar i ubåtklammeri i vassen actionfilm.
Filmen har både dialogar og monologar med pompøst pjatt ein må le av, meiner Håkon Tveit.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Torpedoar losnar då ein ubåt frå USA spionerer på ein russisk ubåt i Barentshavet. Det går gale for alle utan at ein veit kven skurkane er. Pentagon ringer ringreven Kaptein Glass (Butler) for å leia ein ny ubåt inn under radaren. Brått skal dei staute marinegastane frå Statane redde relativt harmlause russarar frå superslemme, blodtørstige russiske kuppmakarar, helst utan å skape atomkrig.
Alle snakkar engelsk
Glass blir presentert med rifle på hjortejakt som ein jaktmann som kan drepe, men veit å lata folk og fe leve når det høver. Det mest formildande med filmen er bodskapen om at ein kan tenke før ein skyt, og at dialog ikkje er så dumt. Med det sagt har filmen både dialogar og monologar med pompøst pjatt ein må le av. Hunter Killer har i det heile ei mengd element som får blodet mitt til å koke: tulleaksent på engelsk som skal tyde at ein snakkar russisk, slaviske erkeskurkar og svenske Mikael Nyqvist i rolla som snill russar.
Sjaber sjangerøving
Estetisk er filmen ei øving i standard prosedyrar. Han er blotta for visuelle visjonar. Det meste luktar billige studioløysingar. Solide namn i eit par sekundære roller blir skugga for av at Gerald Butler i hovudrolla knapt kan kallast skodespelar. Lydsporet har ikkje éin einaste original tanke. Obligatorisk pulserande spenningsmusikk er keisamt. Idétørken er best illustrert av to nærast identiske avslutningsscener med forbrødring mellom barske menn som har redda dagen. Ein ubåtfilm som ikkje kjennest klaustrofobisk utover at ein vil rømme frå kinosalen, vantar noko i utforming. Sidan Hunter Killer floppa i heimlandet, er det rart at norske kinoar skal bruka salplass på endå ei platt sjangerøving frå USA.
Hunter Killer har i det heile ei mengd element som får blodet mitt til å koke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.