Film

Homokamp på kammerset – og i gata

Rått, realistisk og utmattande portrett av aidsaktivisme i nittitalets Paris.

Gruppa ACT UP Paris demonstrerer mot måten politikarane handterer aidsepidemien på.
Gruppa ACT UP Paris demonstrerer mot måten politikarane handterer aidsepidemien på.
Publisert

Paris, tidleg på 90-talet: Ei hiv­smitta aktivistgruppe stormar eit regjeringsmøte og ber politikarane svare for den svake handteringa av aidsepidemien. Konfrontasjonen tar ei dramatisk vending, og filmen hoppar til gruppemøtet i etterkant. Gruppa kallar seg ACT UP Paris, og intens diskusjon følger. Var det rett å dra provokasjonen så langt? Korleis kan vi best bli høyrde? Har media skrive om hendinga?

Her er filmskapar Robin Campillo på sitt beste. Han var sjølv ein del av ACT UP-miljøet, men gir meir til scenene enn personleg røynsle. Han gir dei konflikt, framdrift og liv. Nett som han gjorde då han skreiv manuset til den prisvinnande Klassen (2008), der samtalen mellom ein lærar og elevane i eit klasserom er heile historia.

120 slag i minuttet har også mikroperspektivet som metode, men med meir rørsle: Rollefigurane flyttar seg frå møterom til offentlege protestar, frå homoparadar til nattklubben, frå interne konfliktar i gruppa til samhaldet ved sjukesenga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement