Musikk

Høge tempo

Masaaki Suzuki spelar Bachs orgelmusikk med kvikke fingrar og føter.

Treutmann-orgelet (1737) i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Treutmann-orgelet (1737) i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Publisert

Instrumentet japanaren Masaaki Suzuki spelar på i volum 4 i serien med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) orgelverk, er eit av dei finaste og best bevarte tyske orgla frå barokken. I den katolske St. Georg-kyrkja i Grauhof søraust for Hannover reiste orgelbyggjaren Christian Treutmann mellom 1734 og 1737 sitt magnum opus: eit svært instrument med tre manual (klaviatur) og pedalar som merkjer seg ut med sine linne, intime strykestemmer. Denne pipetypen, som me veit at Bach sette spesielt pris på, imiterer klangen av strykeinstrumentet viola da gamba. Ein meir kuriøs effekt ved Treutmann-orgelet er det komplette, innebygde klokkespelet som nyss er restaurert.

Treutmann har elles ein indirekte forbindelse til Noreg. Han var nemleg læremeisteren til Joachim Wagner, den tyske orgelbyggjaren som i 1741 laga barokkorgelet i Nidarosdomen.

Syngande

Suzuki er mest kjend som cembalist, dirigent og grunnleggjar av Bach Collegium Japan. Innspelingsserien hans med alle Bach-kantatane tykkjer eg er den beste i sitt slag. Men på dette albumet spelar han altså orgel, nærare bestemt to store preludium og fugar, i tillegg til 26 stykke frå Orgel-Büchlein («Den vesle orgelboka»), ei samling stutte koralforspel over melodiar frå den lutherske salmeboka.

Plata er forma som eit avvekslingsrikt konsertprogram. Teknisk er Suzukis orgelspel lytefritt, med presis artikulasjon i både fingrar og føter og fin sans for agogikk, altså dei små tempoforskyvingane som ikkje er noterte, men som det blir overlate til utøvaren å utføra. Best er han i koralforspela, der han tek seg god tid og får salmemelodiane til å synga. Andre stader er der godt driv, til dømes i In dulci jubilo, BWV 608, julesalmen me i Bernt Støylens omsetjing kjenner som «Eg synger julekvad».

Spenstige triller

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement