Bok
Historias kraft
Ein kjenner trong for noko smertestillande når ein lesdenne romanen.
Gunnar Gunnarssons roman frå 1929 vart årets bok i Danmark.
Foto: skriduklaustur.is
Island er ein utkant i Europa, men frå denne utkanten er det levert stor litteratur frå langt attende, gjennom Edda-dikt og sagalitteratur fram mot vår eiga tid. Halldór Kiljan Laxness, Gunnar Gunnarsson, Thor Vilhjálmsson, Einar Már Gu?mundsson og Gyr?ir Elíasson er sentrale namn som når langt utanfor det vesle islandske språkområdet. Og for at kvinner ikkje skal vere unemnte: Yrsa Sigur?ardóttir har nådd eit internasjonalt publikum med krimbøkene sine.
Gunnar Gunnarsson kom frå små kår aust på Island. Han fekk minimalt med skolegang, men bestemte seg tidleg for å bli forfattar, og han debuterte som 16–17-åring med eit par umogne diktsamlingar heime på Island. Den indre drivkrafta førte han så i 1907 til Askov Højskole på Jylland i Danmark, der han var elev i to år. (Kristofer Uppdal var også innom Askov i 1899–1900). Her fann Gunnarsson inspirasjon i det rikhaldige biblioteket, men han kom ikkje vidare med eiga skriving før han i 1912 fekk napp hos danske Gyldendal med Borgslægtens Historie i fire band. Så kom oppvekst- og erindringsromanane Kirken paa Bjerget i fem band mellom 1923 og 1928, og Gunnarsson var dermed etablert som ein vesentleg forfattar på dansk, feira og omsett til mange språk.
Svartfugl kom i 1929 og vart årets bok i Danmark, og omsetjaren Oskar Vistdal reknar denne romanen for å vere Gunnarssons meisterverk ved sida av den korte forteljinga Advent frå 1936. Det kan så vere, men romanseriane og dei historiske romanane frå 1930-talet har også språklege og litterære kvalitetar som løftar dei over mykje som er skrive, både før og seinare.
Flata ut
Etter vel 30 år i Danmark reiste Gunnarsson heim til Island i 1939. Her slo han seg ned på det herskapelege Skri?uklaustur, som han fekk teikna av den tyske naziarkitekten Fritz Höger. Gunnarssons samrøre med nazismen er ei grundig ripe i lakken. Han var mellom anna i audiens hos Hitler i mars 1940. Eit sterkt engasjement for nordisk fellesskap låg bak, og i 1927 gav Gunnarsson ut essayet Det nordiske Rige.
Tilbake på Island flata forfattarskapet ut. Han brukte mykje tid på å omsetje sitt eige forfattarskap til islandsk, og i 1954, i ein alder av 65 år, var forfattarskapet over. Han var aktuell for Nobelprisen fleire gonger, men da Island fekk sin pris i 1955, gjekk han til Halldór Kiljan Laxness.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.