Historia om Baksaas
Jon Fredrik Baksaas har skrive forteljinga om korleis Telenor har gjeve Noreg og verda så mykje godt.
Konsernsjef Jon Fredrik Baksaas (t.v.) i Telenor møtte i den opne høyringa om VimpelCom-saka i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i 2015. Her går han forbi komitémedlemmene Hans Fredrik Grøvan (KrF), Helge Thorheim (Frp) og komitéleiar Martin Kolberg (Ap).
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Sakprosa
Jon Fredrik Baksaas:
Min historie
om Telenor
Gyldendal
Ein kjend engelsk nobelprisvinnar i litteratur, ja, dessutan statsminister, sa: «History will be kind to me, for I intend to write it.» Noko han gjorde i seks tjukke band. Jon Fredrik Baksaas kan ha hatt denne kloke strategien i tankane då han skreiv si eiga historie, sjølv om han ikkje nett er kandidat til ein litteraturpris, og heller ikkje har vore statsminister.
Men som (tidlegare) konsernsjef (2002–2015) i eit stort internasjonalt telekommunikasjonsselskap har han òg vore aktør i ein slags verdskrig, den som går føre seg i den grenselause kapitalistiske marknaden. Klokleg har han klart å avgrensa historia si til berre eitt band.
Fleire næringslivsleiarar burde gjera som Baksaas. Det er nok av meir eller mindre sjølvskrivne biografiar om politikarar og idrottsfolk, for ikkje å snakka om kulturtoppar. Men det er jo slike som Baksaas’ Telenor som finansierer dei.
Dessutan er boka hans interessant. Telenor var per 1. januar 2018 det nest største norske selskapet på Oslo Børs, med ein marknadsverdi på 264 milliardar, nesten halvparten av Equinor, 30.000 tilsette og 178 millionar kundar i tolv marknader i Norden, Aust- og Sentral-Europa og Asia, noko som gav eit aksjeutbytte til staten, som eig 54 prosent, på meir enn 6 milliardar. Faktisk verdas tiande største telekomfirma. Utan naturgjevne ressursar, slik som olje eller fisk. Det vert mange bokstipend av slikt.
Omlegging
Det heile byrja med Telegrafverket, som vart til Televerket, underlagt Samferdsledepartementet, men så vart det gjort til statleg aksjeselskap i 1994 under namnet Telenor og under Næringsdepartementet. Og under Tormod Hermansen, forgjengaren til Baksaas, som får eit tvitydig ettermæle i boka: Best til å handtere politikarar ved omstillinga frå statsselskap til aksjeselskap og få dei til å auka eigenkapitalen, men elles noko eigenrådig og autoritær.
Heilt motsett Baksaas, ifølgje Baksaas, som, framleis ifølgje Baksaas, er ein meir demokratisk leiar, og som sjokkerer utanlandske konsernsjefar ved sjølv å køyra bilen (Think) til konferansar. Og som omtalar medarbeidarane sine med fornamn. Berit Svendsen vert snøgt til berre Berit.
Det mest spanande i boka er når vi vert tekne med inn i telekommarknadsjungelen ute i verda, som liknar på den amerikanske prærien på 1800-talet: jomfrueleg ventande på å verta kolonisert. Med unntak av at i dei landa Telenor rykkjer inn, Aust-Europa, India, Bangladesh, Thailand, Myanmar, vert det ikkje teke noko frå urfolka. Dei får noko dei ikkje hadde før: mobildekning. Eit vinn–vinn-tilhøve. Slik ikkje mellom telekomkonkurrentane, der auksjonskampane om lisensar er desperate, medan oppkjøp og nedkjøp, fusjon og fisjon er ein evig kamp.
Engelske slagord
I desse kampane har Baksaas fått innført eit strategisk prinsipp: «Control or Exit», altså selja seg ut når ein ikkje kontrollerer. Når det vert følgt, gjev det gode resultat. Plutseleg kan Telenor tena 30 milliardar.
Og ja, Telenor er ikkje staden for å ta vare på det norske språket. Boka er full av engelske slagord. Det er eit internasjonalt firma med engelsk som konsernspråk. Men altså styrt av norsk kultur og moral. Difor ein eigen «The Telenor Way of Work», som omfattar «Codes of Conduct», reglar for god oppførsel.
Men så var det korleis Telenor skal oppføra seg overfor styresmaktene i landa dei opererer i. Her er regelen «compliance», som Baksaas for dei ikkje-engelskkyndige omset med «etterleving», altså at ein skal etterleva lovene i det landet ein er børsnotert i. Sjølvsagt, skulle ein tru. Men for eit norsk moralsk selskap er ikkje det nok. Det kan vera land som tillèt barnearbeid. Då slår «Codes of Conduct» inn.
Når «non-compliance» inntreffer, kan det gå som det gjekk med TeliaSonera og VimpelCom då dei gjekk inn i Usbekistan og byrja senda pengar til ein Gibraltar-konto som høyrde til presidentdottera. Det vert kalla korrupsjon, og det gjorde at TeliaSonera fekk ei bot på 965 millionar amerikanske dollar, medan VimpelCom måtte ut med 797 millionar dollar. Pytt.
Nøytralisering
I samband med VimpelCom-saka får vi demonstrert ein av føremonene ved sjølv å skriva historia: Då kan ein nøytralisera dei som ikkje ville vore «kind» om dei skulle ha skrive historia. I Baksaas’ historie gjeld det særleg næringsminister Monica Mæland og kontrollkomitéleiar Martin Kolberg.
Mæland likte ikkje at Sigve Brekke og ikkje Berit Svendsen (her kom etternamna på plass) vart Baksaas’ etterfølgjar, og fekk avsett Aaser som styreleiar: «Det hele fremstår som et tydelig brudd med eierskapsmeldingens prinsipper om god virksomhetsstyring.» Baksaas meiner at ein ikkje er kvalifisert som leiar om ein ikkje har vore ute i stormen i Asia-marknaden, noko Brekke hadde, men ikkje Svendsen.
Kolberg trudde han var ei blanding av amerikansk senatskomitéleiar og riksadvokat, og skjøna ikkje at han ikkje kunne gjera seg til «etterforsker av et selskap (VimpelCom) underlagt nederlandsk og amerikansk jurisdiksjon, men der Telenor var minoritetseier».
Heldigvis fekk den verkelege riksadvokaten stogga dette. Og heldigvis vart Telenor frikjent for korrupsjon av sin eigen granskingskommisjon. Men sanneleg er Baksaas flink med dei formelle argumenta.
Til slutt i boka kjem Baksaas med råd for framtida, det som er vanskelegast å spå: at ein aldri må slå seg til ro og tru at ein kan spå om framtida. Berre sjå korleis Nokia sprakk. Ein dag kan alle telekomselskapa sprekka. I mellomtida kan ein trygt lesa denne boka.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sanneleg er Baksaas flink med dei formelle argumenta.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.