Musikk

Heterogent i Håkonshallen

Den samspelte og allsidige duoen Urioste & Poster baud på eit svært blanda program.

Duo og ektepar: fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster.
Duo og ektepar: fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster.
Publisert

Konserten med fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster er éin av fleire festspelkonsertar som opphaveleg skulle gått av stabelen i fjor. På konserten i Håkonshallen torsdag førre veke presenterte dei mellom anna fersk musikk som har blitt til under pandemien, ein periode der ekteparet openbert har vore produktive.

På internett har dei publisert nærare 90 videoar med alt frå gamal, klassisk musikk til nye arrangement av pop og rock. (Poster er ein dyktig arrangør.) Konsertprogrammet deira spegla dette mangfaldet.

Kraftig kaskade

To av stykka var av nolevande komponistar. I An Essay of Love reflekterer Mark Simpson (fødd 1988) over pandemien. Verket opna med ein kraftfull klaverkaskade à la Griegs a-mollkonsert, før det gjekk over i eit svevande og vakkert parti med lint repeterte akkordar i klaveret.

Stykket kan kallast romantisk på den måten at det har tydeleg avgrensa delar som blir utvikla gjennom lange crescendoar til ein nærast aggressiv patos. Best likte eg dei klangsvake partia der komponisten greier å uttrykkja noko uvisst og framandt. Den «opne» avslutninga, der klangen ebbar ut – ja, nærast fordampar – i det høge registeret, fungerte bra.

Det andre nye verket hadde ein heilt annan karakter: Donald Grants (fødd 1980) Bha là eile ann (skotsk-gælisk for «Det var ein annan dag») utstrålte den avdempa, fatalistiske melankolien som er så typisk for irsk og skotsk folkemusikk. Framføringa var god, og verket var interessant på den måten at fiolinstemma akkompagnerte klaveret, og ikkje omvendt, som jo er det vanlege. (Framføringar med Urioste og Poster av begge desse verka kan lett søkjast opp på internett.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement