Musikk

Herleg nasalt

Chikako Nishikawa debuterer med galant orgelmusikk frå Versailles.

Orgelet i slottskapellet i Versailles, der d’Agincour var organist.
Publisert Sist oppdatert

Den franske orgelskolen er ei verd for seg. I nord- og sørtysk skole heldt ein også på slutten av 1600- og byrjinga av 1700-talet fast på store og strengt polyfone satsar (i tillegg til friare former som toccata og preludium, sjølvsagt). I Frankrike, derimot, danna det seg ein tradisjon med suiteaktige verk samansette av mange korte satsar som hadde plass i liturgien. Stykka hadde ofte danserytmar og rikt ornamentert melodi – ein påverknad frå den såkalla galante stilen i cembalomusikken.

Ein typisk representant for denne galante orgellitteraturen var den i dag ukjende François d’Agincour frå Rouen, som i 1714 blei organist i slottskapellet i Versailles. Her etterfylgde han den vidgjetne – eller skal me seia illgjetne – orgelvirtuosen Louis Marchand, som er mest kjend for å ha feiga unna ein musikalsk kappestrid med J.S. Bach i Dresden i 1717.

Nybygd orgel

På debutalbumet sitt spelar den japanske organisten Chikako Nishikawa alle dei seks orgelverka som er bevarte etter d’Agincour, ikkje på slottsorgelet i Versailles, men på eit nybygd instrument i Italia som er spesielt tilpassa klassisk, fransk repertoar. At dei 46 satsane får plass på éin CD, seier sitt om kor korte dei er, somme berre 30 sekund lange.

Levetida til d’Agincour fell saman med Bachs: Den fyrste levde frå 1684 til 1758, den andre frå 1685 til 1750. Likevel kunne ikkje stilen deira vore meir ulik. Fugar i den tyske tydinga finst mest ikkje. Typisk er former som «Récit», der éi songleg toppstemme dominerer (til dømes spor 7), og slike som imiterer kammermusikken ved solkongens hoff (til dømes «Concert de Flûte», spor 24).

Ørliten slark

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement