Musikk

Heimstad­likning

Ordkløyvarane i Side Brok vender tilbake med like mykje blues som beats, og perfeksjonert leik med identitet og røyst.

Svart, kvit. Runar Gudnason og Bård Aasen Lødemel er Side Brok. Men kven av dei er det eigentleg som er Sirkel Sag?
Publisert

På tampen av nok ein valkamp er det på sin plass å minne om at den mest presise skildringa av motsetnaden sentrum/periferi er låten «Ørsta rådhus». «Det tek en time å gå til Ørsta rådhus, ikkje at eg har noko der å gjer», buldrar røysta til Sirkel Sag i refrenget. Stein Rokkan hadde applaudert – og sikkert mint oss på at røyster tel.

Her tel røystene meir enn som så. Mange trur Sirkel Sag er syskenbarnet til Gudnason, Bård Aasen Lødemel. Det er han som er på omslagsbileta og i musikkvideoen og held mikrofonen på konsertar. Men Sirkel Sag er Runar Gudnason. Som alle dei andre røystene til Side Brok.

Forvirra? Forståeleg.

Den sunnmørske hiphopgruppa har alltid leika med karakterar. Slik som mellom anna Eminem, Kool Keith og Nicki Minaj gjer. Frå 2016 fekk grushaugrøysta Sirkel Sag dominere, med to EP-ar som tok musikken i ei meir bluesaktig og heimstadretta retning. Låtar som «Mor», «Bonde» og «Ørsta rådhus» gav den buldrande røysta ein karriere på eiga hand. Treffsikkert, ganske smart og veldig morosamt.

Tjuefem år

Sånn sett er det på sin plass at den lite oppklarande «Ken e Sirkel Sag?» avsluttar det ein med atterhald kan kalle det femte albumet til Side Brok, det fyrste sidan 2013. Med atterhald, fordi omslaget viser at det er ei fellesutgjeving: Fem låtar med Side Brok og fem med Sirkel Sag. Lødemel er ikkje med som produsent eller komponist. Men han er på omslaget og pressebilete.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement