Musikk

Heimsøkte songar

Hania Rani lagar delikat kunstpop.

Hania Rani er utdanna pianist frå heimbyen Gdansk og Chopin-universitetet i Warszawa.
Hania Rani er utdanna pianist frå heimbyen Gdansk og Chopin-universitetet i Warszawa.
Publisert

Kor mange har funne vegen til Ghosts, albumet som den polske artisten Hania Rani gav ut seint i haust, etter å ha høyrt henne framføre tre av songane derfrå på ei nyleg utgåve av NPRs minikonsertserie «Tiny Desk Concerts»?

Det er ikkje godt å seie, men eg høyrer til mellom dei som leitte fram utgivinga og tok ein lytt. Det er vel også ein stor del av poenget med det enkle, smarte konseptet, som vart lansert i 2008 – at ein nedstrippa smakebit innspelt live i eit radiostudio skal føre lyttarar nærare ein plateaktuell artist.

I opptaket trakterer Rani eit akustisk piano og ein synth og utstyrer musikken med rytme. Med seg har ho Ziemowit Klimek på bass og synth. Det er fascinerande å sjå den konservatorieutdanna Rani ved tangentane – versjonane vi får høyre, framhevar unekteleg dei store kvalitetane hennar som pianist. Sjølv om dei er tydelege også når ein lyttar til Ghost, kan det fort hamne i skuggen, sidan det er så mykje anna som også skjer på det albumet.

Inspirasjon

Berlin-baserte Rani har nok late seg inspirere av komponisten og musikaren Nils Frahm, som held til i same by, for miksen av elektronika med impulsar frå den klassiske musikktradisjonen kan likne. Men vel så viktig er det at ho med Ghosts framstår som låtskrivar og vokalist med eigenart.

Eg får assosiasjonar til kunstpopen til ein artist som Stina Nordenstam i møtet med røysta hennar, og det er også talande at artistar som Ólafur Arnalds, Patrick Watson og Duncan Bellamy (Portico) gjestar på nokre av songane. Her vil det variere frå lyttar til lyttar kva for assosiasjonar ein får, men både Radiohead og Julia Holter er namn som dukkar opp i mitt møte med Ghosts.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement