Musikk
Heilskapleg innspeling
Fem album inn i karrieren har Signe Marie Rustad gjort scena om til studio.
Tekst: Signe Marie Rustad møter seg sjølv i dørkarmen.
Foto: Malin Pettersen
Signe Marie Rustads røter er i country- og americanatradisjonen. Dei siste åra har ho flytta seg mot eit meir folkprega poputtrykk.
På førre album, Particles of Faith frå 2023, utvida ho lydbiletet med innslag av elektroniske teksturar og eit meir drøymande indiepreg.
Historia bak det femte albumet er derimot noko for seg sjølv. Plata er spelt inn framfor eit heldig publikum i Lille sal i Oslo Konserthus i mai i år. Det kan høyrast ut som eit påfunn som risikerer å skygge for låtane. Frykta er grunnlaus.
Dei sju songane utgjer eit heilskapleg verk som rører seg i det same kaliforniske ljoset som Jouska, men med ei meir tilbakeskodande kraft.
Den samkøyrde energien til bandet kjem fram både i den varsame opninga og i den drivande «Everything They Said About You».
Albumet har ein sirkulær heilskap som fungerer som eit tydeleg estetisk grep, forsterka av den perfekte repetisjonen av tittellåten. Resultatet er ei plate ein straks får trong til å høyre om att, den same trongen dei som sat i konsertsalen i mai, må ha kjent heilt sidan då.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.