Musikk
Heilage lundar
Bundesjugendchors albumdebut tek oss til skogs.
Bundesjugendchor (stifta i 2021) er sett saman av unge og lovande korsongarar frå heile Tyskland.Bundesjugendchor (stifta i 2021) er sett saman av unge og lovande korsongarar frå heile Tyskland.
Foto: Jakob TillmannFoto: Jakob Tillmann
CD
I tysk kulturhistorie spelar skogen den same rolla som fjellet her heime. Slik karrige fjell og dalar sidan romantikken er eit sublimt symbol på den nasjonale identiteten og folkelynnet vårt, har skogen – den storvaksne, gamle lauvskogen med stammer som gotiske katedralpilarar – sidan slutten av 1700-talet vore sinnbiletet på fridomen og krafta i det tyske.
Dette går vel attende til dei germanske eikelundane, der sigrande soldatar hengde krigstroféa sine på eiketre, trofé dei heidenske prestane kransa med eikelauv. Den angelsaksiske munken Bonifatius, som blir kalla «Apostelen til tyskarane» av di han på 700-talet kristna germanarstammene i dagens Tyskland, var ivrig på å fella desse heilage eiketrea i lundane som vel kan jamstillast med domkyrkjene til dei kristne. Den heilagaste av dei alle gjekk i bakken i 713 – den såkalla «Donareika», der Donar er den kontinentalgermanske nemninga for Tor.
Eikelauv blei eit tysk alternativ til den søreuropeiske laurbærkransen, både i poesien og i det militære. Medaljen til dei høgare klassane av den prøyssiske fortenestordenen jarnkrossen, stifta i 1813, er prydd med eikelauv.
Metafor
For det tyske publikummet er det difor meiningsmetta når koret Bundesjugendchor kallar debutalbumet sitt «Waldeslust» (Skogslyst, eller Skogsglede). Som dirigenten Anne Kohler skriv i omslagsheftet, er det skogen som skodeplass for mytar og fabelvesen, og som metafor på menneskesjela, dei vil presentera på «ei musikalsk reise gjennom underskogen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.