Teater

Gravlegg meg med gitaren

Trini Lunds gest til diktaren Federico Garcia Lorca er usentimental, men varm.

Etter 45 år som skodespelar på Det Norske Teatret takkar Trini Lund av med ein musikalsk poesikveld.
Etter 45 år som skodespelar på Det Norske Teatret takkar Trini Lund av med ein musikalsk poesikveld.
Publisert

Skodespelarinna Trini Lund har vore tilsett ved Det Norske Teatret heilt frå ho kom ut frå teaterskulen i 1975. l haust fekk ho endeleg premiere på avskilsframsyninga si etter 45 år, ein liten einkvinneskabaret, som går enno, der ho hyller diktarhelten sin, Federico Garcia Lorca (1898–1936) og set han i samband med hennar eigen bakgrunn.

Oppdregen som katolikk i eit elles rimeleg sekulært miljø har ho tydelegvis kjent slektskap med denne diktaren, som nok heile si tid vart sliten mellom katolsk pietisme og ein glødande trong til opprør og fridom.

Sensuell naturlyrikk

Assistert av stemningsskapande tonefylgje frå to musikarar, og plassert i den vesle pausebaren på Scene 3, balanserer Lund denne intime teaterhendinga med nøktern historieforteljing og framføring av døme på Lorcas kraftfulle og sensuelle naturlyrikk.

Vi får vite at Lorca, med sitt lyriske og musikalske talent, også var ein utøvande kunstnar som song og spela, kjempa seg fram frå karrige kår i Andalucía til ein stjernestatus som diktar og dramatikar på både det europeiske og det amerikanske kontinentet. I 1936, i starten av den spanske borgarkrigen, vart han avretta av dei nasjonalistiske partisanane. Bøkene hans vart forbodne under heile Franco-regimet.

Kamp og martyrdom

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement