Musikk

Goldberg for fire

Nevermind har arrangert J.S. Bachs mest populære variasjonsverk for kvartett.

Det franske barokkensemblet Nevermind i Håkonshallen.
Publisert Sist oppdatert

Den Paris-baserte kvartetten Nevermind er ei nyoppdaging for meg – og ikkje lite av ei openberring når det gjeld nivået på samspelet. Sjeldan har eg opplevd så høg teknisk presisjon og musikalsk interaksjon hjå eit barokkensemble som i Håkonshallen måndag kveld. På programmet stod gruppa sitt eige arrangement av Johann Sebastian Bachs (1685–1750) klaververk «Golbergvariasjonane», BWV 988. Denne samlinga med 30 variasjonar over eitt tema blei utgjeven i Leipzig 1741.

Neverminds nye omarbeiding er for traversfløyte (barokktidas tverrfløyte i tre utan klaffesystem), fiolin, viola da gamba (eit celloliknande barokkinstrument) og cembalo eller orgel. Jean Rondeau trakterte dei sistnemnde tangentinstrumenta etter tur, ståande, medan han med diskrete gestar heldt musikarane samla. Utsøkt var ikkje berre måten han fylte ut akkordane på. Han improviserte også små motstemmer i høgrehanda.

Pikant

Det iøyrefallande temaet, som av Bach er kalla «Aria», blei introdusert med mett og rund tone av traversfløytisten Anna Besson. Den mjuke legatoen hennar (tett artikulering av tonerekkjene) skapte retning i fraseringa og lét nesten romantisk. Men ho kunne også «bita» frå seg, til dømes i den pikante variasjon nr. 7, den Bach har forma som den kvikke franske springdansen «Gigue».

I somme av satsane spelte Besson melodien unisont med Louis Creac’h, som greidde å smelta saman fiolin- og fløytelyden til ei sjeldsynt vakker klanglegering. Hans største styrke i soloane var den distinkte bogebruken, den som fekk variasjon nr. 1 til å svinga. Løyndomen ligg nok i at han ikkje artikulerer alle tonane i tonerekkjene jamt, men hever fram dei viktigaste tonane dynamisk så det oppstår ein vrikkande flyt.

Sjefredaktøren

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement