Musikk
Godt selskap
Ny ung visetrio skrik og spyttar på særskilt vis.
Vildebjønns selskap i stigning.
Foto: Torbjørn Haaland
Vildebjønns selskap er eit elskeleg prosjekt alt i bandnamn, albumtittel og plateselskap. Bandmedlemmene høyrer inn under hovudstadskonseptet Hersleb Visekollektiv, ei foreining med føremål om å fremje visemusikk på norsk, og då særskilt for unge folk.
Ei framifrå satsing som passar inn med den gryande merksemda som har følgt mellom anna trioen Uld, felerabulistane Pumpegris og sjølvsagt det originale viserevolusjonære Valkyrien Allstars. Vildebjønns selskap legg seg nær alle desse, men har også mykje av telemarkingen Symre i seg, i tekstar som er nydeleg humoristisk ærlege, og samstundes jordnært fengjande spelte.
«Skrike høyt og spytte litt» er observasjonar av barbeinte huldrer i Oslo på heimtur dagen derpå, møte med tømmerhoggarar og Lars Lillo-Stenberg-liknande smatting på kompliserte ord. Det er internt sjølvreflekterande når Erling Wold plutselig tek vokalen mot slutten og syng om Ingeborg, som altså er hovudvokalist Ingeborg Fjørtoft.
Produksjonen kunne gjerne ha skrike og spytta litt meir, men det gjer ikkje noko med så fine og særmerkte songar som her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.