Godt grasKlangrike dikt som dyrkar tankesvivet og høgg til.DiktTorgeir Rebolledo Pedersen:Sauesankertanker

Klangrike dikt som dyrkar tankesvivet og høgg til.

Torgeir Rebolledo Pedersen skriv om sau, ku og ulv, død, forfall og attrå.
Torgeir Rebolledo Pedersen skriv om sau, ku og ulv, død, forfall og attrå.
Publisert

Torgeir Rebolledo Pedersens diktbok frå i år, Sauesankertanker, er noko lysare i tonane enn fjorårets bok, Åstedsblomster. Dikt som krinsar om dauden, finst likevel i Sauesankertanker, men motiva i dikta spreier seg over eit større område. Her finst dikt om rusten kjærleik, flaggspetten, fyll, begjær og truvedkjenningar. Dikta kan sneie økologiske problemstillingar, trøyste og påkalle fortida eller klistre seg nesten fortvilt til ungdom og framtid «som en borre».

Det ligg kanskje også i naturen til sauesankartankane at dei er sporadiske og forgreinar seg vilt. Lyrikaren Pedersen står litt på fråstand frå eigne frisleppte tankar og grip berre inn, kan hende, når farane trugar dei. Men, poeten kan forresten også få eit gjærande sauekadaver til å klinge: «har jeg ingen grav/ å tilby mitt kadaver/ men som trommende sjaman/ kan jeg gi/ sauesjelen/ etterliv».

Klangrikdom

Torgeir Rebolledo Pedersen er ein poet som jaktar og dyrkar klangrikdomen i språket. Om tonane og rytmane her er lette, med rekkjer av bokstavrim og eit plutseleg enderim her og der, og om dikta vert lokaliserte til egner som skog, gjeddevatn og fjell, så skriv ikkje dikta nødvendigvis fram reinhekla idyllar. Universet er, slik eit dikt fortel oss, som fjøra til skjera, spalta i svart og kvitt. Slik høgg mørkare sjatteringar til i dei tilsynelatande lettfota sekvensane.

Vrir på vendingar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement