Teater
Gode synsinntrykk, men ingen hjartebank
Scenisk eleganse er ikkje nok til å få fram Vesaas’ sjelenaud og undring.
Gjertrud Jynge spelar Hege og Christian Ruud Kallum Mattis i framsyninga på Det Norske Teatret.Gjertrud Jynge spelar Hege og Christian Ruud Kallum Mattis i framsyninga på Det Norske Teatret.
Foto: Erik BergFoto: Erik Berg
Det Norske Teatret
Det er vel ingen som heilt har greidd å setje fingeren på kva som gjorde Tarjei Vesaas til ein av dei største diktarane våre, også internasjonalt. Han er ikkje ein spesielt ekstrovert forteljar. Det mest dragande ved han må ofte lesast mellom linene. Så kan ein gjerne undre seg kva det kjem av, at han så ofte skal dramatiserast og filmatiserast. I kva for grad kan eigentleg verka hans visualiserast gjennom andre sine auge?
Fuglane, ein av dei mest lesne romanane hans, kom i ein no legendarisk sceneversjon på Det Norske Teatret for 25 år sidan. Fleire teater har gripe til verket sidan. Og jau, kan hende er nett denne boka av Vesaas den som ligg mest naturleg til rette for skodespel. Her er god dialog og tydelege typar. Men samstundes er forfattaren seg sjølv lik. Her er mykje løyndomsfullt og diffust bakom det heile. Skal ein då konkretisere historia om Mattis – eller berre gå lenger inn i skodda?
Lågmælt og dvelande
Belgiske Luc Perceval, som sist fekk stor åtgaum for dramatiseringa av Trilogien av Jon Fosse på Det Norske Teatret, har no levert ein ny versjon av Fuglane på same scene. Her er det for så vidt detaljar som ein kan kjenne regissøren att i frå sist, mellom anna i ei lågmælt og dvelande tekstframføring, men mykje meir enn sist er Fuglane ei gjennomført plastisk framsyning, mest i grenselandet mellom taleteater og danseteater.
Innsatsmessig er det utan tvil ei flott teaterhending, og Christian Ruud Kallum som Mattis gjer ein både teknisk sprek og kjenslemessig ærleg skapnad av denne rare, inntakande mannen. Gjertrud Jynge spelar systera Hege, og trass i mange vel stiliserte opptrinn gjer også ho eit oppriktig rolleportrett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.